Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Sektordiagram

Eit sektordiagram kan gje ei betre forståing av kor store dei einskilde verdiane/kategoriane er i høve til summen av alle kategoriane.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

La oss tenkje oss at Mary Ann har gjennomført ei undersøking og funne at følgjande karakterar vart gitte på ei matematikkprøve:

4 2 5 3 3 2 5 4 1 3 2 2 5 3 1 4 2 5 3 2 4 3 6 2 5 3 2 5 5 4

Eit sektordiagram passar spesielt godt til å vise kor stor del ein verdi eller kategori i eit talmateriale utgjer i forhold til heilskapen.

Vi ser igjen på karakterfordelinga på matematikkprøva i klassen til Mary Ann.

I reknearket Excel merkar vi frekvenskolonnen og vel «Set inn» og ønskt sektordiagram. Ved å velje «Utforming» kan vi finne fram til ønskt oppsett og format for diagrammet.

Arealet av kvar sirkelsektor illustrerer delen elevar som har fått den aktuelle karakteren.

For å teikne eit sektordiagram på papir treng vi ein passar og ei gradskive. Før vi kan teikne, må vi gjere nokre utrekningar.

Vi kan dele ein sirkel inn i 360°.

Sidan det til saman er 30 elevar i klassen, må kvar elev tilsvare 360°30=12° av sirkelen.

Vi kan då setje opp følgjande tabell:

Karakter

Frekvens

Grader

1

2

2 · 12° = 24°

2

8

8 · 12° = 96°

3

7

7 · 12° = 84°

4

5

5 · 12° = 60°

5

7

7 · 12° = 84°

6

1

1 · 12° = 12°

No kan vi teikne ein sirkel ved hjelp av ein passar og bruke gradskiva til å merke av storleiken på sirkelsektorane.

Legg merke til at 1 % alltid svarar til 360°100=3,6°.

Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist oppdatert 21.11.2018