Programmering med while-lykkjer
While-lykkjer treng vi mellom anna for å fange opp når brukaren av programmet skriv noko anna enn forventa.
Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene i filformatet til Jupyter Notebook.Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Oppgåve 1
a) Koding
Programmet nedanfor gir feilmelding. Kva er feil i kodelinjene?
1svar = "nei" 2while svar =! "ja" 3svar = input("Skriv ja") 4print("Flott, du skreiv ja.)
b) Algoritme
Skriv algoritmen til programmet over.
c) Forklaring
Forklar med ord korleis programmet fungerer.
Oppgåve 2
a) Algoritme
Skriv algoritmen til kodelinjene nedanfor.
1tal = 10 2while tal > 1: 3 tal = tal - 1 4 print(f"Talet er no {tal}.")
b) Forklaring
Forklar kva programmet gjer utan å køyre det først.
Oppgåve 3
På sida fagstoffsida "Vegval – if-elif-else" lagar vi eit program der brukaren av programmet skal skrive om hen er norsk eller svensk. Vi ser no på ein variant der brukaren skal skrive "s" dersom hen er svensk eller "a" dersom hen ikkje er svensk. I tillegg vil vi at dersom brukaren er uheldig og skriv noko anna enn "s" eller "a", skal hen få ein ny sjanse til å skrive rett.
a) Algoritme
Skriv algoritmen til eit slikt program.
b) Koding
Skriv koden til algoritmen over, og test at programmet fungerer som det skal.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som ei fil i formatet til Jupyter Notebook.