Oppgåve
Økonomileiar Silje
Silje har ansvar for prisfastsetjinga i Mat og vinhuset AS. Her skal du hjelpe ho med å kalkulere eit parti med eksklusiv vin.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Forteneste, avanse og påslagstal
Mat og vinhuset AS får 200 flasker vin til ein innkjøpspris på 230 kroner per par. Fraktkostnadene er 1 200 kroner.
Silje har funne ut at dei indirekte kostnadene er 65 prosent. Dette har ho berekna tidlegare. I tillegg vil ho ha ei forteneste på 45 prosent, og meirverdiavgifta er 25 prosent på alkohol.
Set gjerne opp eit rekneark for å løyse oppgåvene.
- Berekn pris med meirverdiavgift per flaske vin.
- Kva er avansen i kroner og prosent?
- Kva påslagstal kunne ha vore brukt i denne oppgåva?
- Kva faktorar må ho vurdere for å bestemme «rett pris»?
- Økonomileiar Silje(XLSX)