Oppgåve
Rekneoppgåve – innkjøp av grovfôr
Øv deg på å tenkje økonomi når du handlar inn fôr til stallen.

Du jobbar på ein stall med 10 hestar. Kvar hest får i gjennomsnitt 12 kg høyensilasje per døgn. Du får i oppgåve å handle inn rundballar for den delen av året hestane ikkje står på beite. I dette tilfellet er det snakk om perioden frå 15. august til 15. juni.
Oppgåve 1. Rekn ut talet på rundballar
Du finn ein forhandlar som meiner rundballane hans veg omtrent 600 kg per balle i år. Kor mange rundballar treng du?
Oppgåve 2. Rekn ut kostnaden for fôret
Bonden tek 4 kr per kg for høyensilasjen. Kor mykje kjem fôret til å koste?
Oppgåve 3. Kor mykje dyrare under fôrkrise?
Året etter er det tørke og fôrkrise. Forhandlaren seier han likevel kan levere deg fôret, gitt at du betaler 8 kr per kg. Kor mykje meir vil det koste per hest, per månad?