Oppgåve
Lønnsutvikling for kvinner og menn
Har kvinner og menn i Noreg lik lønn for likt arbeid?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
Gå inn på Statistisk sentralbyrå, SSB, vel "Arbeid, lønn og utdanning", "Arbeid og lønn", "Lønn og arbeidskraftkostnader" og deretter "Lønn".
- Kva var den gjennomsnittlege endringa i månadslønn frå 2018 til 2019?
Var lønnsutviklinga lik for menn og kvinner? Ser du noko mønster i utviklinga?
Per 20. april 2020 var følgjande tabell hovudoppslaget på denne sida.
Auka den gjennomsnittlege månadslønna meir frå 2018 til 2019 enn mellom dei to siste åra?
Vel tabellen "Gjennomsnittlig månedslønn i utvalgte yrker, fordelt på kjønn" lenger ned på sida. Du kjem då til SSB-statistikk "11418: Yrkesfordelt månedslønn, etter statistikkmål, yrke, sektor, kjønn, avtalt/vanlig arbeidstid per uke, statistikkvariabel og år". I denne tabellen kan du sjølv velje ut yrke og velje tidsperiode for fleire år.
- Finn fram til yrke der menn og kvinner har tilnærma lik lønn.
- Finn fram til yrke der menn og kvinner har svært ulik lønn.
- Finn fram til yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg dei siste åra.
- Vel eit yrke der forskjellen mellom lønna til menn og kvinner har endra seg mykje dei siste åra. Bruk regresjon i GeoGebra, og finn modellar for lønnsutviklinga både for kvinner og menn i dette yrket. Når vil det bli likelønn for kvinner og menn etter desse modellane?