Bruk av formlikskap for å rekne ut ukjende sider i trekantar - Matematikk 1T-Y - HS - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bruk av formlikskap for å rekne ut ukjende sider i trekantar

Du kan for eksempel rekne ut høgda på tre, fjell og høge bygnader berre ut i frå målingar gjort på bakkenivå.

Eksempel 1

Trekantane ABC og ΔDEF er formlike. Rekn ut lengdene av dei ukjende sidene.

Her ser vi at sidene AB og DE er tilsvarande sider fordi begge er motståande sider til vinklane på 88,7°. Sidene AC og DF ligg begge motsatt av vinklane som er 63,4° og er også tilsvarande. Det same er sidene BC og EF.

Vi kan finne dei ukjende sidene ved å bruke målestokken.

Vi reknar ut målestokken når vi går frå ΔDEF til  ΔABC . Målestokken er

ABDE=96=1,5

Det tyder at

AC=DF·1,5=5,4·1,5=8,1.

Når vi går motsett veg, må vi dele med målestokken. Det tyder at

EF=BC1,5=4,21,5=2,8

Eksempel 2

Eit tre står på ei horisontal slette. Vi skal finne ut kor høgt treet er utan å felle det.

Utstyr: Sol og metermål

Vi set ein pinne ned i bakken litt bortanfor treet og måler avstanden skyggen kastar ved pinnen og ved treet. Sjå figuren nedanfor.

Både pinnen og treet dannar ein vinkel på 90° med bakken, og solstrålane dannar same vinkel med bakken der pinnen står som der treet står. Vi får difor to formlike trekantar, og det går fram av figuren kva for sider som er tilsvarande.

Vi reknar ut målestokken når vi går frå den minste trekanten til den største trekanten

Målestokken = 15 m1,2 m=12,5Høgda av treet=1,0 m·12,5= 12,5 m

Legg merke til at vi òg kan finne den ukjende sida ved å bruke likning.

Vi set høgda av treet lik x, og sidan forholdet mellom tilsvarande sider er konstant, kan vi setje opp og løyse likninga

x1,0 = 151,2    x=12,5·1,0    x=12,5

Treet er 12,5 meter høgt.

Spørsmål

Løysingsmetoden vår set krav til terrenget der treet står. Kva for krav er det?

Svar

Føresetnaden er at vi kan gjere målingane på trekantar som er formlike. Då må bakken vere like bratt over alt der vi måler.

Eksempel 3

På figuren er AB og DE parallelle. Linjestykkene AE og BD skjer kvarandre i C .

Oppgåve

Vis at ACB og EDC er formlike, og bruk dette til å rekne ut lengda av sida BC .

Løysing

ACB=DCE sidan desse er toppvinklar. Då er sidene AB og ED tilsvarande sider.

BAC=CDE fordi venstre vinkelbein er felles og høgre vinkelbein er parallelle i dei to vinklane. (Samsvarande vinklar ved parallelle vinkelbein).

Sidene BC og EC er då tilsvarande sider fordi dei er motståande sider til like store vinklar.

Vinklane i dei to trekantane er parvis like store, og trekantane er formlike.
Vi reknar ut målestokken når vi går frå den minste trekanten til den største.

Målestokken=150 cm60 cm=2,5

Då er

BC=45 cm·2,5=113 cm

Også her kan vi løyse oppgåva ved å setje opp og løyse ei likning sidan forholdet mellom tilsvarande sider er konstant. Det er lurt å alltid byrje med den ukjende sida.

        BCEC = ABDE    BC45 cm=150 cm60 cmBC·45 cm45 cm=150 cm·45 cm60 cm          BC=113 cm

Likninga kan vi også løyse med CAS i GeoGebra, sjå figuren.


Video: Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020