Her kan du øve på å løyse andregradslikningar utan bruk av formel. Dersom det ikkje står noko anna, skal du løyse oppgåvene utan hjelpemiddel. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
René har løyst likningar på ein prøve, men har gjort minst éin tabbe på kvar av dei. Finn feila til René, og vis korleis likningane heller bør løysast.
a)
Løysing
Vi ser at René har delt på x. Då risikerer ein å miste ei løysing på vegen, og det har skjedd her. Rett løysing:
Vi får to løysingar, .
b)
Løysing
Vi ser at i linje 3 legg René til grunn for løysinga si at minst éin av faktorane må vere 9 for at produktet skal bli 9. Men dette argumentet er feil sidan det er uendeleg mange måtar å få produktet 9 på. Dette argumentet gjeld berre dersom vi samanliknar med 0.
Rett løysing:
c)
Løysing
Her har René teke kvadratrota av både og 9. Men når ein tek kvadratrota, mistar ein eventuelle negative løysingar sidan kvadratrota av eit tal alltid er positiv.
Rett løysing:
d)
Løysing
Her har René gjort ein feil mellom dei to øvste linjene. Hen har flytta 5 frå venstre til høgre side i likninga, men burde ha trekt frå 5 på begge sider slik at det vart på høgre side.
Rett løysing:
Vi ser at likninga ikkje har nokon reelle løysingar.
I denne oppgåva kan du bruke eit digitalt hjelpemiddel.
Camilla kastar ein ball rett opp i lufta. Etter t sekund er høgda h meter over bakken gitt ved andregradsuttrykket
.
a) Når er ballen 10 m over bakken?
Løysing
Vi set inn 10 m for høgda h og får
Vi løyser likninga med CAS i GeoGebra.
Ballen er 10 m over bakken etter 0,76 s (på veg opp) og etter 2,2 s (på veg ned).
b) Når treffer ballen bakken?
Løysing
Når ballen treffer bakken, er høgda over bakken 0 m.
Vi set inn 0 m for høgda h og får
Vi løyser likninga med CAS i GeoGebra.
Vi kan berre bruke den positive løysinga sidan den negative løysinga vil gi eit tidspunkt før ballen blir kasta, og dermed er utanfor det aktuelle området for variabelen t.
Ballen treffer bakken etter 3,08 s.
c) Når er ballen 15 m over bakken? Kva betyr svaret du får?
Løysing
Vi set inn 15 m for høgda h og får
Vi løyser likninga med CAS i GeoGebra.
Vi får inga løysing. Det må bety at ballen aldri når ei høgde på 15 m over bakken.