Å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekant - Matematikk 1T-Y - HS - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekant

Pytagoras si setning kan brukast for å finne ei ukjend side i ein rettvinkla trekant når to av sidene er kjende.

Eksempel 1

Kor lang er sida c på figuren?

Løysing

Sida c er hypotenusen i trekanten. Pytagoras' setning gir:

c2 = 2,02+5,02=4,0+25,0=29,0c=29,05,4

Sida c er 5,4 cm.

Eksempel 2

Kor lang er sida AB på figuren?

Løysing

Pytagoras' setning gir

Sida AB er 5,9 m.

Eksempel 3

Ein stige skal plasserast 2,4 meter frå ein husvegg og skal akkurat nå opp til vindaugskarmen i eit vindauge i andre etasje. Vindaugskarmen er 4,6 meter over bakken.

Kor lang må stigen vere?

Løysing

La stigen vere x meter lang. Pytagoras' setning gir

Stigen må vere 5,2 meter lang.

Korleis lager vi rette vinklar

Nokre gonger bruker vi Pytagoras' setning for å lage vinklar som er 90 grader.

Snikkar Pettersen skulle byggje ein garasje. Det var svært viktig at alle hjørna vart rette vinklar.

Vinkelmålaren han brukte til vanleg vart litt for liten, slik at han gav unøyaktig vinkel. Pettersen saga da til to bordlengder, den eine på 3 m, og den andre på 4 m. Han festa bordlengdene i endane som vist på teikninga, og la dei slik at avstanden mellom dei raude punkta vart 5 m. Han brukte til slutt ei tredje bordlengd og spikra det saman.

Pettersen brukte Pytagoras' setning for å lage seg ein rett vinkel. Her er ein video som syner bruk av dei same sidelengdene til å lage seg ein rett vinkel.

Korleis kontrollere at vinklar er rette

Mål lengd, breidd og diagonal til pulten eller bordplata du arbeider ved.
Kvadrer alle lengdene. Sjekk om summen av kvadrata av lengd og breidd er lik kvadratet av hypotenusen. Dersom ikkje, er bordplata skeiv.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2022