Utrekning av pris på brudepakke hos frisør
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Døme på utrekning av pris på brudepakke
Ein flott frisyre er viktig på den store dagen. Ein prøvetime gir frisøren moglegheit til å bli kjend med kunden og håret hennar. De kan planlegge den frisyren som framhevar trekka til kunden og passar til brudekjolen.

Omgrep
Påslagstalet er talet du gonger innkjøpspris med for å finne ut kva kunden må betale for eit produkt. Dette talet ligg som regel mellom 2,5 og 6.
Meirverdiavgift (mva.) er ei avgift til staten på sal av produkt. I ein påslagskalkyle er meirverdiavgifta inkludert.
Oppgåve
Set opp ein priskalkyle etter oppsettet nedanfor, der alt i brudepakken er inkludert.
Skildring | Tal | Innkjøpspris per stk. utan mva. | Påslags-tal | Utsalspris per stk. inkl. mva. | Total utsalspris inkl. mva. |
|---|---|---|---|---|---|
Produkt til hår | 1 | kr 75 | 4 | ||
Spenner, hårnåler | 1 | kr 30 | 4 | ||
Eplemost, frukt, kaffi og konfekt | 1 | kr 350 | 2 | ||
Blomsterkrans, enkel | 1 | kr 350 | 2 | ||
Makeup | 1 | kr 150 | 4 | ||
Prøvetime/ konsultasjon | 1,5 | kr 582 | |||
Makeupartist arbeidspengar | 1 | kr 582 | |||
Frisør arbeidspengar | 2 | kr 582 | |||
Styling forlovar | 1 | kr 582 | |||
Makeup forlovar | 0,5 | kr 582 | |||
Sluttsum brudepakke |
|
Relatert innhald
Kalkuler pris på produkta som blir selde i ein blomsterebutikk, på ein slik måte at bedrifta blir driven lønnsamt.
Rekn ut pris på eit blomearbeid du har laga.