Trekantar - Matematikk 1T-Y - BA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Trekantar

Den enklaste mangekanten er trekanten.

Nedanfor ser du nokre spesielle trekantar.


Ein rettvinkla trekant har éin vinkel på 90°.

Ein likebeint trekant har minst to sider som er like lange.

Ein likesida trekant er regulær. Alle sidene er like lange og alle vinklane er like store, 60°. Legg merke til at ein likesida trekant også er likebeint.

Ein likebeint og rettvinkla trekant har to vinklar på 45°.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2018