Kabelkrøll
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Oppgåve 1

Du har besøk av ein elektrikar som skal installere heimeladar til elbil. Kabelen som skal brukast, er på trommelen på biletet over.
Det trengst omlag 20 meter kabel for å nå frå sikringsskåpet til veggen der heimeladaren skal stå.
Bruk informasjon i biletet, og vurder om det er nok kabel på trommelen.
Oppgåve 2
Du skal montere ei ny vegglampe. Straumleidningen til lampa skal gå langs ein vegg som er 3 meter lang og blir festa med leidningsstift. Føringar for stiftinga er:
- Stiftane skal plasserast med lik innbyrdes avstand.
- Det skal vere ein stift 5 cm frå kvar ende. Det trengst ikkje stifting på endane.
- Den største avstanden det kan vere mellom stiftane, er 20 cm, og ein bruker ikkje fleire stiftar enn naudsynt.
a) Utrekning
Kva blir den ideelle avstanden mellom stiftane her?
b) Utrekning
Kor mange stiftar blir det langs denne veggen?
Resten av oppgåve 2 krev programmeringskunnskapar. Gjer desse oppgåvene berre dersom du skal ha om programmering i matematikkfaget ditt.
c) Algoritme
Vi ønskjer å lage eit program som kan rekne ut avstanden mellom stiftane og talet på dei ut ifrå ei lengde som brukaren skriv inn.
Bruk resultata over, og skriv ein algoritme for eit slikt program.
d) Koding
Skriv koden til programmet, og kontroller at det fungerer slik det skal.
e) Algoritme
Vi ønskjer å la brukaren av programmet skrive inn sjølv kva avstanden mellom enden på veggen og første stift skal vere. Brukaren skal òg kunne bestemme kva som skal vere den største avstanden mellom stiftane.
Endre på algoritmen i c) slik at dette blir mogleg.
f) Koding
Lag og test programmet.