Anbod på oppsetjing av ein vegg i bindingsverk
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Du er tømrar og er med på ein anbodskonkurranse der du skal gi pris på å setje opp ein vegg i bindingsverk. Måla på veggen og andre detaljar finn du på sida "Å byggje vegg i bindingsverk".
Relatert innhald
De skal byggje ein vegg i bindingsverk på verkstaden. To personar jobbar fint saman om denne oppgåva.
Instruksjon om å byggje ein vegg i bindingsverk
Oppgåve 1
Det skal monterast skråavstiving på den lengste delen av veggen, sjå filmen på sida "Å byggje vegg i bindingsverk". Kor lang blir skråavstivinga?
Oppgåve 2
Du skal bruke eit rekneark til å rekne ut anbodsprisen på veggen. Du bruker avansemetoden til å rekne ut prisen. Vi tek ikkje med kostnader til festemateriell som spiker og skruar i første omgang.
Kva skal/bør inndataområdet i reknearket innehalde?
Oppgåve 3
Lag eit rekneark der du reknar på kor mykje du skal ta for å setje opp veggen. Reknearket skal innehalde
- utrekning av materialforbruk inkludert svinn/kapp
- kostnadene for sjølve arbeidet (vi går ut ifrå at det er 7 timars arbeid å setje opp denne veggen)
- sum kostnader
- 75 prosent avanse
- pris utan meirverdiavgift
- utrekning av meirverdiavgifta
- pris med meirverdiavgift = anbodspris
Til skråavstivinga blir dimensjonen 16 x 98 mm brukt. Finn meterprisar på materialane på nettet. Alternativt kan du bruke at skråavstivinga kostar 12 kr/m, og at standarverket kostar 19 kr/m. Det kan vere lurt å rekne om materialprisane til kroner per mm. (Kvifor?)
Lag ditt eige rekneark, eller bruk oppsettet i reknearket nedanfor. I dette reknearket skal du fylle ut dei gule felta med reknearkformlar eller tal.
- Mal for rekneark(XLSX)
Oppgåve 4
Kva blir den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter ferdig oppsett vegg?
Oppgåve 5
Bruk resultatet i den førre oppgåva til raskt å finne ut kva du skal ta for å setje opp bindingsverksveggen (utan tak og golv) til ei bu som måler 3 x 6 meter?
Oppgåve 6
Tømrarlønna går opp med 5 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?
Oppgåve 7
Prisen på trelast går opp 15 prosent. Korleis påverkar det anbodet i oppgåve 3 og den gjennomsnittlege prisen per kvadratmeter i oppgåve 4?
Oppgåve 8
Nemn andre ting som kan påverke prisen på anbodet.
Oppgåve 9
Kva må avansen vere for at anbodsprisen i oppgåve 3 blir omtrent 12 270 kroner inkludert meirverdiavgift?
Oppgåve 10
Gjer eit anslag på kor mange skruar du treng til veggen i oppgåve 3. Finn prisen på skruar, legg dette inn i reknearket, og finn ut om du bør ta med skruane i anbodsprisen.