Utrekning av lottoppgjer
Du er mannskap med full lott på ein snurrevadbåt på 76 fot (ca. 23 meter) på vinterfiske etter torsk. Lasteromsvolumet til båten er på 80 kubikkmeter. Det er seks fiskarar om bord.
Båten fiska og leverte 264 000 kg torsk til ein gjennomsnittspris på 32,50 kr per kg. Fellesutgiftene er i perioden 540 000 kroner.
Rekn ut brutto fangstverdi.
Rekn ut delingsfangst.
- Finn tabellen for surrevadfiske i overeinskomsten. Gå inn på talet på mannskap og storleiken på båten og finn ut kor stor del (prosent) av delingsfangsten mannskapet skal ha. Du finn fiskeriovereinskomsten hos Noregs Fiskarlag. Vel vidare "Gjeldende fiskerioverenskomst".
- Rekn ut kor mykje mannskapet skal ha av delingsfangsten i kroner.
Rekn ut kor mykje det blir i lott på kvar av mannskapet i dette fisket.
- Gjer dei same utrekningane med eit rekneark der du legg følgjande tal i eit inndataområde: fangst i kg, kilopris i kr/kg, fellesutgifter i kr, talet på mannskap og mannskapets prosentdel av delingsfangsten.
- Kva blir lotten på kvar av mannskapet viss dei hadde vore 7 på båten?
Lag reknearket slik at du ikkje treng å endre prosentdelen av delingsfangst om du byter mannskapet mellom 6 og 7.
Ulempa med reknearket i førre oppgåve er at det berre fungerer dersom mannskapet er 6 eller 7. Kva skjer viss vi skriv at mannskapet er 8?
Endre på HVIS()-kommandoen slik at mannskapet kan vere 8 utan at vi må endre manuelt på prosentdelen, og finn ut kva lotten på kvar av mannskapet blir når dei er 8.
Relatert innhald
I Noreg blir fisken omsett via salslag. Fiskaren får anten fast lønn eller ein del av fangsten som blir kalla lott.