Mysteriekammeret - Matematikk 1P - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Mysteriekammeret

Finn koden som kan starte maskina som kan spreie kjærleik i verda!

Maskina krev ein kode som du må finne. For å finne koden må du løyse fleire typar oppgåver som har med matematikk og logikk å gjere. Læraren din må gjere nokre førebuingar før du kan gå i gang.

Til læraren

Dette mysteriekammeret, som er laga av Matematikksenteret ved NTNU, er eit papirbasert kodekammer (escape room) som passar best i faga 1T og 1P og i programfaga i matematikk. For å finne koden må elevane løyse oppgåver innanfor talrekning og algebra inkludert faktorisering og forkorting av algebraiske uttrykk, og dei må ha vore gjennom hovudemnet om funksjonar. Det passar derfor best å gjere dette i andre termin, til dømes som ein repetisjon. Som lærar må du gjere nokre førebuingar som startar med at du sjølv må finne koden til maskina for å få tilgang til lærarrettleiinga.

Nettside til Mysteriekammeret:

Matematikksenteret: Escape room: Mysteriekammer i matematikk

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2024