Gjennomsnittleg og momentan vekstfart - Matematikk 1P - NDLAHopp til innhald
Oppgave
Gjennomsnittleg og momentan vekstfart
Her kan du jobbe med oppgåver om momentan og gjennomsnittleg vekstfart. Den første oppgåva skal løysast for hand, resten kan løysast med hjelpemiddel.
VF-1
a) Eit pæretre vart 2,5 m høgare i løpet av 3 år.
Kor stor var dengjennomsnittlege vekstfarten til treet i dei 3 åra?
Løysing
Vi må rekne ut kor mange m høgare treet vart per år.
Den gjennomsnittlege vekstfarten var 0,83 m/år.
b) Temperaturen sokk 6 gradar i løpet av 2 timar.
Kor mykje sokk han i gjennomsnitt per time?
Løysing
Vi reknar ut den gjennomsnittlege vekstfarten. Hugs at ∆y er negativ fordi temperaturen søkk.
∆y∆x=-6°2h=-3°/h
Temperaturen sokk i gjennomsnitt med 3 gradar per time.
c) Under eit kraftig snøvêr auka snødjupna frå 25 cm til 50 cm i løpet av 1,5 timar.
1) Kor mykje snødde det i gjennomsnitt per time?
Løysing
Vi reknar ut den gjennomsnittlege vekstfarten til snødjupna.
∆y∆x=y2-y1∆x=50cm-25cm1,5h=16,7cm/h
Det snødde i gjennomsnitt 16,7 cm per time.
2) Kva var snødjupna etter den første halve timen av snøvêret?
Løysing
Vi kan ikkje vite eksakt kva snødjupna var etter ein halvtime. Vi kan finne ein tilnærma verdi ved hjelp av den gjennomsnittlege vekstfarten.
25cm+0,5h·16,7cm/h=33,3cm
Snødjupna var cirka 33 cm etter ein halv time.
d) Ein dag med mykje regn steig vasstanden i ei elv frå 1,34 m då klokka var 11.00, til 2,65 m klokka 15.00.
Kor mykje endra vasstanden seg i gjennomsnitt per minutt?
Løysing
Vi må rekne ut den gjennomsnittlege vekstfarten til vasstanden. Vi byrjar med å rekne ut ∆x, som skal målast i minutt.
∆x=15h-11h=4h=4·60min=240min
∆y∆x=y2-y1∆x=2,65m-1,34m240min=0,00546m/min
Sidan talet blir veldig lite, er det gunstig å skifte til cm per minutt eller mm per minutt. Vi vel cm per minutt:
0,00546m/min=0,00546·100cm/min=0,55cm/min
Vasstanden steig med 0,55 cm per minutt i gjennomsnitt.
e) Verdien til ein bil sokk frå 600 000 kroner då han var ny i 2016, til 200 000 kroner i 2020.
1) Kor mykje sokk bilen i verdi i gjennomsnitt per år?
Løysing
Vi må rekne ut den gjennomsnittlege vekstfarten til verdien på bilen.
∆y∆x=200000kr-600000kr(2020-2016)år=-100000kr/år
Bilen sokk i verdi med 100 000 kroner per år i gjennomsnitt.
2) Kva var verdien på bilen eitt år etter at han var ny?
Løysing
Igjen kan vi ikkje vite eksakt kva verdien på bilen var etter eitt år, men vi bruker den gjennomsnittlege vekstfarten til å finne ein tilnærma verdi.
600000kr+1år·(-100000kr/år)=500000kr
Verdien på bilen etter eitt år var cirka 500 000 kroner.
Kommentar: Nye bilar søkk mest i verdi det første året. Deretter søkk verdien mindre og mindre for kvart år. Mest sannsynleg vil derfor verdien på bilen vere noko mindre enn 500 000 kroner etter eitt år.
VF-2
Ein funksjon f er gitt ved fx=x2+2.
a) Finn den gjennomsnittlege vekstfarten til f når x veks frå 0,5 til 2 grafisk, ved rekning for hand og med CAS.
Løysing
Gjennomsnittleg vekstfart grafisk:
Vi skriv inn funksjonen f og punkta 0.5,f0.5 og 2,f2, kalla A og B på figuren nedanfor. Så bruker vi verktøyet "Linje" til å teikne linja mellom A og B og verktøyet "Stigning" til å finne stigningstalet til linja. (Vi kan òg lese av stigningstalet til linja av formelen for linja.)
Vi får at den gjennomsnittlege vekstfarten er 2,5 når x veks frå 0,5 til 2.
Gjennomsnittleg vekstfart ved rekning for hand:
ΔyΔx=f2-f0,52-0,5=22+2-0,52+22-0,5=6-2,251,5=2,5
Gjennomsnittleg vekstfart med CAS:
b) Finn den gjennomsnittlege vekstfarten til f når x veks frå 0 til 1,5 grafisk, ved rekning for hand og med CAS.
Løysing
Gjennomsnittleg vekstfart grafisk:
Vi endrar på punkta A og B i den førre oppgåva til 0,f0 og 1.5,f1.5 på figuren nedanfor.
Vi får at den gjennomsnittlege vekstfarten når x veks frå 0 til 1,5, er 1,5.
Gjennomsnittleg vekstfart ved rekning for hand:
ΔyΔx=f1.5-f01.5-0=1,52+2-02+21,5=1,521,5=1,5
Gjennomsnittleg vekstfart med CAS:
c) Finn den momentane vekstfarten til funksjonen når x=1 grafisk og med CAS.
Løysing
Momentan vekstfart grafisk:
Vi skriv inn punktet 1,f1. Så bruker vi verktøyet "Tangentar" til å teikne tangenten i dette punktet. Til slutt bruker vi verktøyet "Stigning" til å finne stigningstalet til linja og dermed den momentane vekstfarten til grafen i dette tangeringspunktet.
Den momentane vekstfarten til f når x=1, er 2.
Momentan vekstfart med CAS:
Den momentane vekstfarten til f når x=1, er 2.
d) Finn den momentane vekstfarten til funksjonen når x=-1.
Løysing
Vi vel å bruke CAS.
Den momentane vekstfarten til f når x=-1, er -2.
VF-3
Funksjonane g og h er gitt ved funksjonsuttrykka nedanfor. For kvar av funksjonane skal du først teikne grafen. Deretter vel du fritt 2 punkt på grafen og reknar ut den gjennomsnittlege vekstfarten mellom desse punkta.
a) gx=2x+4
Løysing
Vekstfart =4-00-(-2)=42=2.
b) hx=-x-8
Løysing
Vekstfart =-4-2-4-(-10)=-66=-1.
c) Kan du løyse oppgåve a) og b) utan å rekne eller teikne graf? Forklar i tilfelle korleis.
Løysing
Sidan ei rett linje har same stigning overalt, vil den gjennomsnittlege vekstfarten bli lik stigningstalet til linja uansett kva punkt vi bruker i utrekninga.
d) Kva kan du seie om den momentane vekstfarten til dei to linjene?
Løysing
Den momentane vekstfarten til linjene må òg vere den same overalt og lik stigningstalet til linjene sidan vekstfarten er den same overalt.
VF-4
Funksjonen
hx=-0,003x3+0,09x2+1
viser høgda i meter til eit morelltre dei 20 første åra x år etter at det vart planta 1. mai 2002.
a) Finn grafisk kor mykje treet vaks i gjennomsnitt per år i perioden 1. mai 2010 til 1. mai 2015.
Løysing
Oppgåva spør etter gjennomsnittleg vekstfart for funksjonen mellom x=8 og x=13. Vi skriv inn funksjonen h i algebrafeltet ved hjelp av kommandoen "Funksjon", skriv inn punkta 8,h8 og 13,h13 og bruker verktøyet "Linje" til å teikne linja (sekanten) gjennom dei to punkta.
Vi ser grafisk (stigningstalet til sekanten y) at treet i gjennomsnitt vaks 88 cm per år i perioden 1. mai 2010 til 1. mai 2015.
Vi kunne òg ha brukt verktøyet "Stigning" her.
b) Finn vidare kor mykje treet vaks i gjennomsnitt per år i perioden 1. mai 2019 til 1. mai 2022.
Løysing
Vi skriv inn punkta 17,h17 og 20,h20 og bruker verktøyet "Linje" til å teikne linja (sekanten) gjennom dei to punkta.
Vi ser grafisk (stigningstalet til sekanten y) at treet i gjennomsnitt vaks 24 cm per år i perioden frå 1. mai 2019 til 1. mai 2022.
c) Kor mykje vaks treet per år 1. mai 2012?
Løysing
Oppgåva spør etter den momentane vekstfarten til treet i 2012, som betyr at x=10. Vi vel å løyse oppgåva med CAS.
Treet vaks med 90 cm per år 1. mai 2012.
VF-5
(Eksamen 1P våren 2013, omarbeidd)
Funksjonen h gitt ved
ht=3,25t3-50t2+170t+700
var ein god modell for hjortebestanden i ein kommune i perioden 1990–2000. Ifølge modellen var det h(t) hjortar i kommunen t år etter 1. januar 1990.
a) Teikn grafen til h for 0≤t≤10.
Løysing
Vi teiknar grafeni GeoGebra ved hjelp av kommandoen "Funksjon(funksjon, start, slutt)".
b) Når var hjortebestanden størst, og kor mange hjortar var det i kommunen då?
Løysing
Vi bruker kommandoen "Ekstremalpunkt" og finn toppunktet på grafen til h.
Hjortebestanden var størst litt ut i 1992. Han var då på 867 dyr.
c) Løys likninga h(t)=850 grafisk, og forklar kva løysinga fortel om hjortebestanden.
Løysing
Vi legg inn ei linje y=850 i same koordinatsystem som grafen til h. Så finn vi skjeringspunkta mellom denne linja og grafen til h ved å bruke kommandoen "Skjering mellom to objekt".
Hjortebestanden er på 850 dyr 1,4 år og 2,9 år etter 1990, det vil seie midt i 1991 og rett før årsskiftet 1992/1993.
d) Kor stor var den gjennomsnittlege endringa i talet på hjortar per år i perioden 1. januar 1994–1. januar 1998?
Løysing
Vi bruker CAS-verktøyet i GeoGebra og finn følgande:
Vi finn at hjortebestanden søkk i gjennomsnitt med 66 dyr kvart år i denne perioden.
e) Kor stor var veksten per år i hjortebestanden 1. januar 1991?
Løysing
Oppgåva spør etter den momentane vekstfarten til funksjonen når x=1.
Veksten i hjortebestanden i 1991 var på 80 dyr per år.
VF-6
Funksjonen f er gitt ved
fx=-0,5x3+3x2-3x+3
a) Finn den gjennomsnittlege vekstfarten når x veks frå 1 til 2.
Løysing
Vi skriv inn funksjonen og bruker uttrykket for stigningstalet til linja mellom dei to punkta.
Den gjennomsnittlege vekstfarten når x veks frå 1 til 2, er 2,5.
b) Finn den gjennomsnittlege vekstfarten når x veks frå 1 til 1,1.
Løysing
Den gjennomsnittlege vekstfarten når x veks frå 1 til 1,1, er 1,65.
c) Samanlikn svara i a) og b). Kva for eit av desse svara gir ein mest korrekt verdi for den momentane vekstfarten når x=1?
Løysing
Vi vel å teikne grafen til f inkludert dei to sekantane.
Figuren viser at vi får mest riktig verdi for vekstfarten når vi lar x auke frå 1 til 1,1.
d) Vil det alltid vere slik at vi får ei betre tilnærming til den momentane vekstfarten når avstanden ut til det andre punktet blir mindre?
Løysing
Det vil ikkje alltid vere slik. Studer figuren nedanfor der vi har teikna ein tredjegradsfunksjon f.
Tangenten t til grafen til funksjonen f i punktet A er teikna inn. Stigningstalet til sekanten gjennom A og B er ikkje ei spesielt god tilnærming til den momentane vekstfarten til funksjonen i A. Dersom vi flyttar B ut til 7,f7, får vi ei mykje betre tilnærming. Men flyttar vi B endå lenger ut, blir tilnærminga dårlegare igjen.
e) Finn til slutt den momentane vekstfarten til funksjonen når x=1.
Løysing
Den momentane vekstfarten til funksjonen når x=1, er 1,5.
VF-7
Forskarar har undersøkt veksten til tre i eit bestemt skogområde. Det viser seg at høgda til eit tre, h(t), målt i meter tilnærma kan beskrivast med ein matematisk modell. Dei første åtte åra gjeld funksjonen
ht=0,02t3-0,25t2+1,15t+0,15
der t er talet på år etter utplanting.
a) Kor mykje vaks treet i gjennomsnitt frå år 1 til år 4?
Løysing
Vi må finne gjennomsnittleg vekstfart for funksjonen i intervallet 1,4. Vi reknar i CAS.
Treet vaks i gjennomsnitt 32 cm per år frå år 1 til år 4.
b) Kor stor var veksten til treet i år 4?
Løysing
Vi kan finne veksten til treet i år 4 på to måtar.
Alternativ 1
Vi kan sjå på forskjellen i høgde mellom år 4 og år 5.
I år 4 vaks treet 12 cm.
Alternativ 2
Veksten det fjerde året er tilnærma lik den momentane vekstfarten når x=4, som er eit mål på veksten per år akkurat då.
Vi får omtrent det same svaret som i alternativ 1. I år 4 vaks treet 11 cm.
c) Skriv nokre ord om korleis høgda til treet endrar seg frå år til år.
Løysing
Vi teiknar grafen til funksjonen h ved hjelp av kommandoen "Funksjon".
Ut frå grafen til høgdefunksjonen kan vi lese følgande: Treet veks raskt dei første to åra. Dei neste fire åra er veksten mindre. Dei siste to åra er veksten igjen mykje større. Det ser ut til at veksten er veldig stor den første tida etter planting. Så minkar veksten gradvis fram mot år 4. Deretter aukar veksten meir og meir.