Oppgave
Pensjonatet
Her skal du setje opp priskalkylar for ei overnatting på eit pensjonat.
Øvre Torggate Pensjonat leiger ut rom med frukost for 823 kroner med meirverdiavgift.
Pensjonatet har bestemt prisen ut frå konkurransesituasjonen, altså bruker dei konkurransebasert prissetjing.
For éi overnatting har pensjonatet desse variable kostnadene:
Variable kostnader | Sum |
---|---|
Sengetøyvask | 90 kr |
Klargjering av rommet | 150 kr |
Frukost | 75 kr |
- Rekn ut dekningsbidraget per overnatting.
- Kva skal dekningsbidraget dekke? Gi konkrete eksempel.
I denne oppgåva skal du setje opp ein sjølvkostkalkyle som kalkulerer den kostnadsbaserte salsprisen. Dei direkte kostnadene er her lik dei variable kostnadene. Satsen for indirekte kostnader er 120 prosent. Fortenesta er 10 prosent. Det er 12 prosent meirverdiavgift på romutleige.
- Rekn ut sjølvkost og forteneste per overnatting.
- Rekn ut avansen i kroner og prosent. Kvifor blir avansen større enn dekningsbidraget i oppgåve 1 a?
- Rekn ut prisen med meirverdiavgift.
- Forklar skilnaden på konkurransebasert og kostnadsbasert prissetjing. Kva konsekvensar har det for bedrifta at den konkurransebaserte prisen er lågare enn den kostnadsbaserte?
Filer
- Pensjonatet(XLSX)