Oppgave
Kalkulasjonar hos ByggMiks
I denne oppgåva skal du hjelpe ByggMiks med kalkulasjonane deira.
Under ser du resultatrekneskapen til ByggMiks AS for det førre året.
Post | Beløp |
---|---|
Salsinntekter | kr 5 200 000 |
Varekostnader | kr 3 100 000 |
Lønnskostnader | kr 560 000 |
Andre driftskostnader | kr 750 000 |
Rentekostnader | kr 50 000 |
Avskrivingar | kr 70 000 |
Husleige | kr 250 000 |
Bilkostnader | kr 65 000 |
Hugs at i resultatrekneskapen er alle tal gitt utan meirverdiavgift.
- Kor stor bruttoforteneste i kroner og i prosent oppnådde ByggMiks AS?
- Berekn dei indirekte kostnadene i kroner og i prosent.
- Berekn fortenesta i kroner og i prosent.
- Berekn avansen i kroner og i prosent.
- Bedrifta kjøper byggemateriale frå England for 58 000 kroner. Direkte innkjøpskostnader er 7 062 kroner.
Bruk dei prosentsatsane som du berekna under b og c, og kalkuler sjølvkost og salspris med 25 prosent meirverdiavgift.