Forhold - Matematikk 1P-Y - RM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Forhold

Oppgåvene nedanfor kan løysast med digitale hjelpemiddel. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Eit kart har målestokken 1 : 100 000.

a) Kor mange meter svarer 1 cm på kartet til i verkelegheita?

Løysing

1 cm på kartet svarer til 1 cm·100 000=100 000 cm=1 000 m i verkelegheita.

b) Kor mange km er 8 cm på kartet i verkelegheita?

Løysing

8 cm på kartet svarer til 8 cm·100 000=800 000 cm=8 000 m=8 km i verkelegheita.

Oppgåve 2

Ei husteikning har målestokk 1 : 50.

a) Kor mange meter svarer 5 cm på teikninga til i verkelegheita?

Løysing

5 cm på teikninga svarer til 5 cm·50=250 cm=2,50 m i verkelegheita.

b) Kor mange cm på teikninga er 10 meter i verkelegheita?

Løysing

10 meter i verkelegheita svarer til 10 m50=1000 cm50=20 cm på teikninga.

Oppgåve 3

Ein euro kostar 7,279 norske kroner.

a) Kor mange euro får du for 500 norske kroner (NOK)?

Løysing

For 500 NOK får du 5007,279 euro68,7 euro.

b) Kor mange kroner (NOK) får du for 75 euro?

Løysing

For 75 euro får du 75·7,279 kroner555 kroner.

Oppgåve 4

Hundre svenske kroner (SEK) kostar 84,9 norske kroner (NOK).

a) Kor mange SEK får du for 500 NOK?

Løysing

1 SEK vil koste 0,849 kroner.

For 500 NOK får du 500 SEK0,849589 SEK.

b) Kor mange NOK får du for 450 SEK?

Løysing

For 450 SEK får du 450 SEK·0,849382 NOK.

Oppgåve 5

Vi skal blande saft og vatn. På saftflaska står det oppgitt at blandingsforholdet er 1 : 4. Det vil seie at for kvar del rein saft skal vi ha 4 delar vatn.

Kor mykje rein saft treng vi for å lage 2 L saftblanding?

Løysing

Vi har 5 delar i alt, 1 del rein saft og 4 delar vatn. Vi går "vegen om ein" og finn kor mye 1 del er.

2 L5=0,4 L

Det går med 0,4 L=4 dL rein saft for å få ei saftblanding på 2 liter.

Oppgåve 6

Betong er ei blanding av sand/grus, sement og vatn. Denne blandinga blir herda under tørking og blir hard og sterk.

a) Til ein type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 1 : 4. Forklar kva det betyr.

Løysing

Til 1 del sement skal det 4 delar sand. Tar du ei skuffe sement, skal denne blandast med 4 skuffer sand.

b) Til ein annan type betongarbeid får du opplyst at du skal blande sement og sand i forholdet 2 : 7. Forklar kva det betyr.

Løysing

Til 2 delar sement skal det 7 delar sand.

c) I kva for ei av blandingene i a) og b) blir det brukt mest sement i forhold til sand?

Løysing

Vi kan samanlikne blandingsforholda 1 : 4 og 2 : 7.

Vi finn samnemnaren og samanliknar brøkane.

1·74·7=728 og 2·47·4=828, det vil seie at i blandingsforholdet 2 : 7 bruker vi mest sement i forhold til sand.

Kommentar: Vi kunne òg ha samanlikna kor stor del sement vi har i dei to blandingane og samanlikna brøkane 15 og 29. Konklusjonen blir den same.

Oppgåve 7

I eit kjemiforsøk skal du blande 0,01 liter av eit kjemisk stoff med 0,5 liter vatn.

a) Finn forholdet mellom det kjemiske stoffet og vatn.

Løysing

Blandingsforholdet blir 0,010,5=150, det vil seie 1 : 50.

b) Kor mange milliliter (mL) kjemisk stoff treng du dersom du skal ha ei ferdig blanding på 2,4 liter?

Løysing

1 del inneheld 2,4 L510,047 L=47 mL.

Det går med 47 mL kjemisk stoff for å få 2,4 L ferdig blanding.

Oppgåve 8

I eit kommunestyre er det 15 kvinner og 25 menn. Kva er forholdet mellom kvinner og menn i kommunestyret?

Løysing

1525=35

Forholdet er 3 : 5.

Oppgåve 9

La oss seie at personen på biletet er 5 cm høg, og at bygningen på bildet er 10,5 cm høg. Vi veit at bygningen i verkelegheita er 3,80 m høg.

Kor høg er personen i verkelegheita?

Løysing

Forholdet mellom høgdene på biletet og høgdene i verkelegheita må vere det same. Vi set den verkelege høgda til personen lik x, passar på at alle lengder er i centimeter og får likninga

x5 = 38010,5x·55=380·510,5x181

Personen er i verkelegheita 1 m og 81 cm høg.

Oppgåve 10

Kva kan du om forhold?

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som word- og pdf-dokument.

Filer

Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2023