Bruk avansekalkyle - Matematikk 1P-Y - RM - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bruk avansekalkyle

Her skal du jobbe med kalkyleutrekning i handelsbedrifter og bruk av avansekalkyle.

Oppgåver – enkel kalkyle (avanse)

Set opp eit rekneark som du kan bruke for å finne

  • avansen i kroner
  • salsprisen utan meirverdiavgift
  • meirverdiavgift i kroner
  • salsprisen med meirverdiavgift

Bruk reknearket lengst nede på denne sida til å løyse oppgåvene:

  1. Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein moped som har 12 500 kroner i inntakskost. Rekn med 40 prosent avanse.
  2. Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein ost som har 4,80 kroner i inntakskost. Rekn med 80 prosent avanse.
  3. Finn salsprisen med meirverdiavgift på ei togreise som kostar VY 80 kroner å produsere. Rekn med 30 prosent avanse.

  4. Rekn ut inntakskost på ein sofa som har ein salspris på 21 875 kroner når avansen er på 40 prosent.

Tips: Sjekk at du bruker riktig sats for meirverdiavgift. Sjå satsar for meirverdiavgift på Skatteetaten.no.

Fasit oppgåve a

Salsprisen med meirverdiavgift for mopeden er 21 875 kroner.

Fasit oppgåve b

Salsprisen med meirverdiavgift for osten er 9,94 kroner.

Fasit oppgåve c

Salsprisen med meirverdiavgift for togreisa er 116,48 kroner.

Tips til oppgåve d

Når vi skal rekne oss tilbake til inntakskost, kan det vere greitt å bruke vekstfaktor.

Fasit oppgåve d

Inntakskost for sofaen er 12 500 kroner.

Filer

Skrive av Arvid Fjørtoft Feldhusen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020