Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kredittkort og lån

Fagstoff

Lån

Før eller sidan får du kanskje behov for å låne pengar. Det kan vere pengar for å kjøpe ein bil eller kanskje ei leilegheit.

Kva er ein långivar?

Døme på långivarar er bankar, forsikringsselskap, Statens lånekasse for utdanning og Husbanken. I tillegg gir ei rekke forretningar lån i form av at dei tilbyr sal av varer på avbetaling.

Långivaren krev normalt garanti for lånet i form av pant i den gjenstanden lånet skal finansiere. Dersom ein låntakar til dømes ikkje kan betale tilbake eit bustadlån, kan banken i staden ta bustaden, selje han og på den måten få tilbake pengane. Låntakaren kan då bli sitjande igjen utan bustad, men halde fram med restlån til banken.

Rente

Långivaren krev betaling for å låne ut pengar i form av og . eller rentefoten avheng av fleire faktorar. Ein viktig faktor er den sikkerheita långivaren har for å få pengane tilbake. Derfor er rentesatsen høgare for til dømes eit billån enn for eit lån til ein brannforsikra bustad.

Det blir oppgitt to typar renter på eit lån: nominell rente og effektiv rente.

Nominell rente viser det årlege rentebeløpet som ein prosentdel av lånet. Vanlegvis er denne renta oppgitt som rente per år (rente p.a).

Effektiv rente viser den verkelege renta når gebyra òg er rekna med. I tillegg vil den effektive renta bli større enn den nominelle fordi renta som oftast blir lagt til kvar månad og det er gebyr som skal betalast. Den effektive renta er dermed den faktiske prisen på lånet.

I Noreg pliktar alle långivarar å oppgi den effektive renta.

Fast og flytande rente

I utgangspunktet vil bankane justere rentesatsen med ujamne mellomrom mellom anna etter korleis styringsrenta til Noregs Bank forandrar seg. Då seier vi at vi har flytande rente på lånet. Det går òg an å avtale med banken at det skal vere fastrente på lånet i ein periode. Då låser banken renta i ein kortare eller lengre periode.

Betaling av lån

Eit lån må betalast tilbake. I tillegg må det betalast renter og gebyr. Dette skjer ved at låntakaren betaler eit beløp eit visst tal gonger, eit visst tal terminar.

Dersom det blir betalt eit beløp kvar månad, er det tolv terminar per år. Dersom det blir berre betalt éin gong per år, er det berre éin termin per år. Det er òg vanleg med til dømes fire terminar per år. Då blir det betalt eit beløp kvar tredje månad.

Talet på terminar til saman er lik talet på terminar per år gonga med løpetida på lånet i talet på år. Løpetida er kor lenge lånet varer, eller kor lang tid det er frå du tek opp eit lån, til det er nedbetalt.

Terminbeløpet, det som blir betalt ein termin, består av ein avdragsdel og ein rentedel og kanskje eit termingebyr. Avdragsdelen, eller avdraget, er den delen av terminbeløpet som går med til å betale ned på lånet. Rentedelen er det vi må betale for å få lov til å ha lånet. I tillegg kan det vere eit termingebyr, eit fast beløp som skal betalast.

Terminbeløp = rente + avdrag + termingebyr

Vi skil mellom to typar lån: serielån og annuitetslån. Forskjellen på dei to er korleis tilbakebetalinga av lånet skal skje: om det skal vere eit fast avdrag (serielån) eller eit fast terminbeløp (annuitetslån).

Bruk lenkene under om du vil lære meir om serielån og annuitetslån:

Renteberekning

Vi tek utgangspunkt i eit bustadlån på 1 200 000 kroner. Vi set årsrenta til 5 prosent.

Årleg innbetaling

Sjølv om det er vanlegast med månadlege innbetalingar, reknar vi i første omgang med årlege innbetalingar og at renta blir lagt til éin gong i året.

Vi bruker vanleg prosentrekning for å rekne ut kor mykje renter det blir i løpet av det første året. Sidan 5 prosent er det same som 0,05, blir rentene

1 200 000 kr·0,05=60 000 kr

🤔 Tenk over: Kva er føresetnaden for at dette reknestykket skal bli rett?

Føresetnad for at reknestykket skal bli rett

Føresetnaden er at det ikkje blir betalt noko inn i løpet av det første året. Dersom det blir betalt inn til dømes 10 000 kroner etter eit halvt år, betyr det at dei seks siste månadene av året er restlånet på 1 200 000 kr-10 000 kr=1 190 000 kr, og då blir det mindre renter enn dersom restlånet er 1 200 000 kroner heile året.

🤔 Tenk over: Vi går ut frå at det ikkje blir betalt inn noko det første året. Kor stort er lånet (gjelda) når det akkurat har gått eit år?

Gjeld etter eit år utan innbetaling

Etter eit år blir rentene lagt til lånet. Då er gjelda

1 200 000 kr+60 000 kr=1 260 000 kr

🤔 Tenk over: Vi går ut frå at det blir betalt inn 60 000 akkurat eit år etter at lånet vart teke opp. Det er det einaste som blir betalt inn dette året. Kor stort er restlånet då?

Storleik på restlån

Sidan det blir betalt inn 60 000 kroner akkurat når rentene (på 60 000 kroner) blir lagde til lånet, vil restlånet framleis vere 1 200 000 kroner etter at innbetalinga er gjord.

Månadleg innbetaling

Vi tek utgangspunkt i det same dømet som over, men går no ut frå at det skal betalast inn kvar månad, og at renta òg blir lagd til kvar månad. Vi ønsker å finne ut kor mykje renter det blir i løpet av den første månaden.

Vi må derfor rekne ut renta av ei gjeld på 1 200 000 kroner for éin månad i staden for eit år. Måten bankane gjer dette på, er å dele den totale rentesummen for eit år på tolv sidan det er tolv månader i eit år. Gjer vi det, blir rentedelen

1 200 000 kr·0,0512=60 000 kr12=5 000 kr

Dette er det same som å seie at den månadlege rentesatsen er 5 %12=0,417 %.

Døme på lån

Banken Nordea tilbyr på nettsidene sine mellom anna følgande typar lån: bustadlån, billån, båtlån og forbrukslån.

Bustadlån

Med Nordeas bustadlånskalkulator kan du teste ut kva eit bustadlån vil koste. På biletet nedanfor ser du korleis lånekalkulatoren var i 2019. Bruk lenka over og sjå om du får det same resultatet som er vist på biletet.

Kalkulatoren foreslår automatisk ei rente som kan vere aktuell. Når du skal ta opp eit lån, bør du ta høgde for at renta kan auke, og det er ikkje sikkert at du vil få den foreslåtte renta. Du bør derfor teste kva terminbeløpet blir ved høgare rente.

Du kan velje bustadlån med fast rente og få fram finansieringsplan og årleg tilbakebetalingsplan.

For å sjå heile nedbetalingsplanen må du trykke på "Vis nedbetalingsplan" i kalkulatoren. Ein nedbetalingsplan, eller betalingsplan, viser ei oversikt over kor mykje du skal betale kvar termin, terminbeløpet, i samband med eit lån. Planen kan òg vise kor stor del av terminbeløpa som er renter og avdrag, og desse kan vere summerte nedst i planen, slik som i dømet her. Legg merke til kor mykje det totalt blir betalte i renter og gebyr.

Med dette lånet skal det betalast inn fast 9 934 kroner kvar månad. Derfor er dette eit annuitetslån. For den første innbetalinga kan vi lese ut at rentene utgjer 4 313 kroner og avdraget 5 556 kroner.

Det årlege avdraget for 2043 er mindre enn for dei andre åra. Det skyldast at lånet blir nedbetalt før året er omme. Lånet blir betalt med månadlege terminar, og lånekalkulatoren vart testa i mars i 2018. Løpetida til lånet er 25 år, som då blir fram til mars 2043.

Billån

Nedanfor har vi klipt ut eit bilete frå DNBS billånskalkulator slik han var i mars 2018. Her òg foreslår kalkulatoren ei aktuell rente, men det er ikkje sikkert det er den renta du får når du søker om eit slikt billån. Det kan til dømes avhenge av om bilen er ny eller brukt. Bruk lenka over, og sjå om du får det same resultatet som er vist på biletet.

Legg merke til at forskjellen mellom den nominelle og den effektive renta er mykje større her enn ved bustadlånet i dømet over.

Forbrukslån

Dersom du er ute etter verkeleg høge rentesatsar og dermed eit skikkeleg dyrt lån, er eit forbrukslån tingen! Her er eit utklipp av Sparebank 1s forbrukslånskalkulator slik han var i desember 2024. Bruk lenka over, og sjå om du får det same resultatet som er vist på biletet.

🤔 Tenk over: Kor mykje vil dette lånet på 100 000 kroner koste totalt?

Lånekostnad

Med dømet på biletet skal du betale 2 374,18 kroner kvar månad i fem år. Til saman blir dette

2 374,18 kr·12·5=142 450,80 kr

Då kostar lånet 42 450,80 kroner.

Skrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 13.01.2025