Bruk av kredittkort
Eit kredittkort vil seie at ein bank eller ein annan finansinstitusjon har gitt oss lov til å "handle utan pengar" fordi banken eller finansinstitusjonen betaler for oss.
I praksis er det ikkje stor skilnad på å kjøpe på avbetaling eller å betale med kredittkort, men det kan vere litt ulike vilkår.
Vi ønskjer å kjøpe eit TV-apparat som kostar 14 999 kroner. Vi har eit kredittkort frå ein bank der vilkåra for bruken er slik:
- Årsavgifta for kredittkortet er 0 kroner.
- Kjøpesummen skal betalast tilbake over maksimalt 12 månader med 12 like innbetalingar.
- Det er ikkje noko månadsgebyr.
- Nominell årsrente er 16,88 prosent.
Sidan vi skal betale tilbake i like avdrag, vil dette lånet vere eit annuitetslån akkurat som avbetalingsordninga på sida Annuitetslån: avbetaling (ndla.no).
Kva vil dette lånet koste oss, og kor mykje skal vi betale kvar månad?
Til diskusjon
Samanlikna med kva det kostar å kjøpe TV-apparatet på avbetaling (sjå sida Annuitetslån: avbetaling (ndla.no)), vart dette ein del rimelegare. Kva kan grunnen til det vere? Sjå òg sida Annuitetslån med rekneark (ndla.no).
Finn nettsida til ein bank, og skriv opp kva slags vilkår dei har både for å få kredittkort og for å bruke det. Lat som at du bruker kredittkortet til å kjøpe TV-apparatet i dømet, og finn ut kva kjøpet kostar deg totalt.
Nedanfor kan du laste ned reknearket som er brukt på denne sida.
- Rekneark med løysing(XLSX)