I oppgåvene nedanfor kan du bruke alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
Tabellen viser karakterfordelinga i matematikk i ein klasse i vidaregåande skule.
Karakterfordeling i Matematikk
Karakter
Tal på elevar
1
2
2
5
3
8
4
6
5
3
6
1
a) Lag eit stolpediagram som illustrerer karakterfordelinga.
Løysing
Vi skriv heile tabellen inn i eit rekneark, markerer cellene og set inn eit søylediagram.
Du kan sjå reknearket med diagrammet i løysinga til oppgåve d).
b) Lag eit sektordiagram (sirkeldiagram) som illustrerer karakterfordelinga.
Løysing
Vi bruker det same reknearket som i oppgåve a) og markerer dei same cellene. Men no set vi inn eit sektordiagram.
c) Kor stor del utgjer karakterane 2 og 3 omtrent til saman?
Løysing
Vi ser av sektordiagrammet i oppgåve b) at karakterane 2 og 3 til saman utgjer omtrent halvparten av karakterane.
d) Finn gjennomsnittskarakteren og mediankarakteren.
Løysing
Vi lagar oss ein ny kolonne i reknearket der vi gongar saman kvar karakter med sin frekvens. Så summerer vi desse i celle C8 og deler på talet på karakterar, som vi finn i celle B8 ved å summere alle frekvensane i kolonne B. Gjennomsnittskarakteren er 3,2.
Vi lagar endå ein ny kolonne der vi finn dei kumulative frekvensane, sjå kolonne D. Sidan talet på karakterar er 25, er mediankarakteren karakter nummer 13 i ei sortert liste over karakterane. Sidan den kumulative frekvensen av karakter 2 er 12, er karakter nummer 13 den første trearen i den sorterte lista. Mediankarakteren er derfor 3.
Formelvisning av reknearket:
Du kan laste ned eit ferdig rekneark med diagramma nedanfor.
b) Beskriv utviklinga i talet på trafikkdrepne i denne perioden.
Løysing
I perioden 2001 til 2005 gjekk talet på trafikkdrepne ned frå omtrent 300 per år til omtrent 225. Deretter var det ein liten auke fram mot 2008 til omtrent 250.
c) Kvifor er linjediagram det naturlege valet å bruke i oppgåve a)?
Løysing
Det er naturleg å bruke eit linjediagram sidan dataa viser ei utvikling i tid. Vi kunne òg ha brukt eit søylediagram, men eit sektordiagram blir feil sidan det ikkje gir noka meining å sjå kor mange trafikkdrepne det er kvart år i forhold til det totale talet på trafikkdrepne desse åra.
Når andreaksen (y-aksen) blir broten i diagrammet i oppgåve b), kjem forskjellane mellom åra tydelegare fram sidan andreaksen dekker eit mykje mindre område. Forskjellane ser større ut.
(Basert på oppgåve 4 del 1 eksamen 1P-Y våren 2020)
Biletet ovanfor viser kor mange prosent gutar og jenter som har valt helse- og oppvekstfag mellom 2010 og 2018.
Samanlikn andelen gutar og jenter i 2010 med 2018.
a) Omtrent kor mange prosentpoeng har endringa vore for gutar og jenter?
Løysing
Vi les av diagrammet og ser at andelen gutar har auka frå omtrent 12 prosent til 20 prosent, og det er 8 prosentpoeng. Andelen jenter har sokke frå omtrent 88 prosent til 80 prosent, og det er òg 8 prosentpoeng.
b) Omtrent kor mange prosent har endringa vore for gutar og jenter?
Løysing
Andelen gutar har auka med omtrent
Andelen jenter har sokke med omtrent
I 2018 var det omtrent 24 000 elevar på helse- og oppvekstfag.
c) Kor mange var jenter, og kor mange var gutar dette året?
Løysing
Tal på gutar: Vi må finne 20 prosent av 24 000.
Talet på gutar var 4 800.
Tal på jenter: Vi trekker talet på gutar frå totaltalet.
Talet på jenter var 19 200.
d) Kunne vi ha brukt linjediagram i denne oppgåva i staden for søylediagram?
Løysing
Datamaterialet i oppgåva viser ei utvikling over tid, så vi kunne ha brukt linjediagram òg. Men sidan det er eit poeng å få fram forskjellen mellom jenter og gutar i prosentandelar, er eit stabla søylediagram eigna.
Nedanfor kan du laste ned eit rekneark med talet på elevar og talet på lærlingar og lærekandidatar på bygg- og anleggsteknikk. Reknearket er ein kopi av det du kan laste ned frå Statistisk sentralbyrå.
a) Lag eit eigna diagram som viser korleis summen av elevar, lærlingar og lærekandidatar, det vil seie talet på lærande, på bygg- og anleggsteknikk har utvikla seg.
Løysing
Vi vel å lage eit linjediagram sidan vi skal ha ei utvikling over tid. Sidan vi skal ha summen av elevar, lærlingar og lærekandidatar, må vi summere tala, slik vi har gjort nedanfor. Her har vi utheva rad 6 der summane står.
Formelvisning av reknearket:
Vi markerer årstala i rad 3 og summane i rad 6 ved å halde nede Ctrl-knappen når vi markerer og set inn eit linjediagram.
Nedanfor kan du laste ned det ferdige reknearket med diagrammet.
Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Statistikkbanken: Videregående opplæring og annen videregående utdanning. Henta 2. september 2025 frå https://www.ssb.no/statbank/table/13159/