Oppgåve
Storleikar, måltal og måleiningar
Det er viktig å halde orden på måleiningane. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.
Oppgåve 1
Finn storleiken, måltalet og måleininga i desse døma.
a) Ole har målt høgda si til 185 cm.
b) Mathea køyrer bil i 70 km/h.
c) I dag blæs det 12 m/s.
d) Klokka er 14.35.
e) Dhanushi deltek på eit 100-meterløp og bruker tida 13,23.
Oppgåve 2
a) Rekn ut farten til Dhanushi i den førre oppgåva. Gjer utrekningane både med og utan GeoGebra, og ta med måleiningane i begge utrekningane.
b) Kvifor vart ikkje måleininga for farten km/h i oppgåve a)?
Oppgåve 3
Du er i butikken og kjøper 5 hg smågodt og 3 store flasker cola. Smågodtet kostar 49,50 kroner til saman, og kvar flaske kostar 28,70 kroner. Finn så mange storleikar, måltal og måleiningar du kan ut frå desse opplysningane.
Nedlastbare filer
Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.