Oppgåve
Produksjon av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg
Kor mykje elektrisk energi blir det produsert frå vindmøller i Noreg i dag? Kan vindmøller bli ein betydeleg bidragsytar til produksjon av elektrisk energi i Noreg i framtida?
Oppgåve
Gå inn på Statistisk sentralbyrå, SSB, vel "Næringsliv og teknologi", "Energi og industri", "Energi" og deretter "Elektrisitet". Bla deg så nedover til du finn tabellen "Elektrisitetsbalanse. Månedlig. GWh". Klikk på han. Nedanfor tabellen klikkar du på "Statistikkbanken kildetabell 14091".
Dette er ein tabell der du sjølv kan gå inn og velje variablar og tidsepokar. Gå inn i denne tabellen, og gjer val slik at til dømes følgjande linjediagram kjem fram:
Spørsmål
1) Forklar kva diagrammet viser.
2) Lag ei betre og meir beskrivande overskrift til diagrammet.
- Bruk tabellen ovanfor og den eigenkomponerte tabellen din, og kommenter utviklinga av produksjon av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg dei siste åra. Kva kan årsakene til endringane vere?
- Utvid tabellen, og finn ut når omtrent produksjonen av elektrisk energi frå vindmøller i Noreg vart så stor at SSB tok han med i statistikkane sine.
- Rekn ut samla mengde elektrisk energi frå vindmøller i 2018 og i 2019. Gi svara i både kWh, MWh og TWh.
- Kva er namna på måleiningane ovanfor, og kva er samanhengen mellom dei? Kva er ei naturleg måleining for den samla årlege produksjonen av elektrisk energi i Noreg?
- Du lèt ein elektrisk panelomn varme opp rommet ditt gjennom vinteren. Du lèt han stå på effekten 1 000 W heile døgnet i til saman seks månader. Vis at då har panelomnen din brukt nesten 4 400 kWh.
- Ein vanleg husstand i Noreg bruker i gjennomsnitt 20 000 kWh energi i året. Kor mange husstandar kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller i 2018? Kor mange husstandar kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller i 2019?
- Kor mange husstandar i Noreg kunne få dekt behovet sitt for elektrisk energi frå vindmøller dei siste tolv månadene?
- Finn ut om planar for framtidig utbygging av vindmøller i Noreg.
- Med tanke på utviklinga dei siste åra, korleis trur du produksjonen av elektrisk energi frå vindmøller vil bli dei neste åra?
- Er det realistisk å tru at energi frå vindmøller kan dekkje behovet for elektrisk energi dersom heile transportsektoren i Noreg skal bli elektrisk?