Film og filmklipp
Kva er ein god seljar?
Salgs- og Reklameforeningen (SRF) kårar kvart år «Årets unge selgerforbilde» i Bergen. Her kan du sjå ein presentasjon av dei tre finalistane frå 2019.
For å kunne bli nominert til prisen «Årets unge selgerforbilde» må du vere under 38 år, du må ikkje vere leiar, og du må jobbe i ei bedrift i bergensregionen.
I desse tre presentasjonsvideoane fortel finalistane frå 2019 om kva som kjenneteiknar dei som seljarar, og kva dei trur skil dei frå andre dyktige seljarar.
Renate Haukeland frå Schibsted. Video: Råsalt as / CC BY-NC-ND 4.0
Renate Haukeland frå Schibsted vann «Årets unge selgerforbilde» i 2019.
Øyvind Lien frå Fjord Line. Video: Leverandør / CC BY-NC-ND 4.0
Øyvind Lien frå Fjord Line og Erik Semb frå Jæger – BMW Bergen var dei to andre finalistane.
Erik Semb frå Jæger – BMW Bergen. Video: Råsalt as / CC BY-NC-ND 4.0