Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kommunikasjonsstrategi

Fagstoff
Video

Kommunikasjonsstrategi

Zaira har nettopp opna ein gjenbruksbutikk. Til kven og korleis bør ho kommunisere for at butikken skal bli kjend?

Film: Kommunikasjonsstrategi

I animasjonsfilmen nedanfor (lengde 05:34) følger vi Zaira som nettopp har opna ein gjenbruksbutikk.

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Kva er ein kommunikasjonsstrategi?

Ein kommunikasjonsstrategi er ein plan, med eit gitt budsjett, som set rammer for kommunikasjonen i ei verksemd. Strategien må innehalde klare mål for kva verksemda ønsker å oppnå med kommunikasjonen sin.

Innanfor marknadsføring er auka sal og styrking av merkevara og omdømme døme på mål for kommunikasjonsarbeidet. For å kunne måle effekten av marknadskommunikasjonen må måla konkretiserast.

Ein kommunikasjonsstrategi inneheld òg nokre overordna prinsipp for korleis kommunikasjonen i verksemda skal gå føre seg. Dei går mellom anna ut på korleis verdiane for verksemda skal formidlast, i tillegg til etiske retningslinjer for kommunikasjonsarbeidet.

Retningslinjer for internkommunikasjon inngår òg i kommunikasjonsstrategien, og bidreg til å skape ei velfungerande verksemd med god bedriftskultur.

Det er viktig å vite kvar verksemda er i dag for å kunne legge ein strategi for korleis ho skal komme dit vi ønsker med marknadskommunikasjonen. I filmen såg vi at Zaira sette seg som mål at 30 % av dei vaksne i byen skulle kjenne til gjenbruksbutikken. Før ho begynner å utarbeide tiltak for å nå målet, må ho vite kor mange som kjenner til butikken i dag.

Handlingsrommet i ein kommunikasjonsstrategi blir påverka av budsjettet for kommunikasjon. I arbeidet med kommunikasjonsstrategien må kostnadsaspektet vurderast. Står gevinsten av eit kommunikasjonstiltak i ein vald kanal i forhold til kostnaden?

Kommunikasjonsstrategi for gjenbruksbutikken

Vi såg i filmen at Zaira har starta sin eigen gjenbruksbutikk i fysiske lokale. Ho slit med lågt sal, sidan få kjenner til butikken. Berre dei i nabolaget kjenner til butikken, og dei utgjer truleg ikkje meir ein 10 % av dei potensielle kundane. Det hastar med å få fart på salet, sidan butikken ikkje kan overleve lenge utan at ho får inn pengar til å betale husleige, lønn og andre kostnader.

Zaira har eit avgrensa budsjett, noko som er viktig at ho tek omsyn til når ho skal utvikle ein kommunikasjonsstrategi for gjenbruksbutikken sin. Kommunikasjonsstrategien skal ta utgangspunkt i kva ho ønsker å oppnå, det vil seie kommunikasjonsmåla. Deretter må ho bestemme kven det er viktig å nå ut til, altså kommunikasjonsmålgruppene. Kva er bodskapen ho vil ha formidla, og kva for nokon verkemiddel skal ho bruke for å få fram bodskapen? Til slutt må ho velje kommunikasjonstiltak, og kva kanalar ho vil nytte.

Tenk over kva du såg i filmen

  • Kva er kommunikasjonsmålet til gjenbruksbutikken?

  • Kven er kommunikasjonsmålgruppa?

  • Kva er bodskapen?

  • Kva kommunikasjonstiltak og -kanalar er tenkte brukte?

Planlegge kommunikasjon

Ei verksemd kan planlegge kommunikasjon for mange ulike område, som sal, merkevarebygging, omdømmebygging, internkommunikasjon og krisekommunikasjon.

Profesjonelt arbeid med kommunikasjon bør vere systematisk og går gjerne gjennom fleire bestemde fasar, som til dømes å

  • formulere kommunikasjonsmål

  • velje kommunikasjonsmålgrupper

  • forme ut ein bodskap

  • velje kommunikasjonstiltak og -kanalar

1. Formuler kommunikasjonsmål

Vi deler kommunikasjonsmåla inn i fire ulike kategoriar, alt etter korleis vi ønsker å påverke:

  • kjennskap

  • kunnskap

  • haldningar og kjensler

  • åtferd

Les meir i fagartikkelen "Kommunikasjonsmål".

Døme på kommunikasjonsmål

  • Kjennskap: Auke kjennskapen til gjenbruksbutikken blant dei vaksne i byen, der butikken er, frå 10 % til 30 %.

  • Kunnskap: 90 % av dei som kjenner til butikken, skal ha kunnskap om berekraftsgevinstane ved å handle brukt.

  • Haldningar: Oppnå ei kundetilfredsheit på 85 på ein skala frå 0–100.

  • Åtferd: Auke salet av kjolar og skjørt til kvinner i alderen 18–30 år med 30 % i ein kampanjeperiode.

2 Vel Kommunikasjonsmålgruppe

I det vidare arbeidet bestemmer vi oss for kven som er kommunikasjonsmålgruppa, eventuelt vel vi fleire kommunikasjonsmålgrupper.

Vi vel kommunikasjonsmålgruppe ut frå målgruppa til produktet. Kommunikasjonsmålgruppa er den gruppa med personar vi skal kommunisere mot for å nå kommunikasjonsmålet.

Les meir i fagartikkelen "Vel kommunikasjonsmålgruppe".

Døme på kommunikasjonsmålgrupper

  • Urbane trendsetjarar i alderen 18–30 år som er opptekne av unike design og berekraftig mote

  • Aktive menn og kvinner i alderen 35–60 år som lever sunt og ønsker å kjøpe brukt turutstyr

3. Form ut bodskap

I arbeidet med å forme ut bodskap kan vi bruke kreative metodar. Vi tek utgangspunkt i kommunikasjonsmåla og den valde kommunikasjonsmålgruppa og formar ut bodskap og vel verkemiddel.

Kva skal vi appellere til – kjensler eller fornuft? Kva for nokon visuelle verkemiddel bruker vi? Korleis skal vi bruke verkemiddel som musikk og fargar?

Les meir i artikkelen "Utform ein bodskap".

Døme på bodskap

  • Gi kleda dine ein ny heim!

  • Spar pengar og planeten!

  • Finn skattar rett frå skjermen din!

Døme på verkemiddel

  • Bilete av eit lyssett, halvope klesskap der eitt plagg lyser opp, nyttårsmusikk og glitter

  • Plakatar på stativ i gjenbruksbutikken for å kategorisere varene og framheve salsvarer

4. Vel kommunikasjonstiltak og -kanalar

Siste fase i planlegginga av kommunikasjon er å velje kva kommunikasjonstiltak og -kanalar vi skal bruke. Skal vi bruke sponsing som tiltak og/eller reklamefilm? Kva påverknad ønsker vi?

Ønsker vi å påverke direkte eller indirekte? Skal kommunikasjonsmålgruppa delta i ein konkurranse, eller skal dei humre over ein humorbasert reklame? Kva for nokon kommunikasjonskanalar bør vi bruke?

Når vi har valt kommunikasjonstiltak og -kanalar, må vi gå tilbake til utforminga av bodskapen og sørge for at vi bruker verkemiddel som eignar seg til kanalen vi har valt.

Les meir i artikkelen "Vel kommunikasjonstiltak og -kanalar"

Døme på kommunikasjonstiltak

  • reklamekampanje

  • produktplassering

  • sponsing

  • samarbeid med influensarar

Døme på kommunikasjonskanalar

  • sosiale medium

  • tv

  • radio

  • utandørsreklame

Evaluering

I kva grad verkar kommunikasjonen etter intensjonen? Verksemder må gjennomføre systematiske evalueringar der dei undersøker effekten av kommunikasjonen. I kva grad har verksemda nådd kommunikasjonsmåla sine, som påverking av kjennskapar, kunnskap, haldningar og kjensler og åtferd?

Kommunikasjonsplan

Planlagd kommunikasjon blir konkretisert i ein kommunikasjonsplan. Han blir gjerne sett opp for eit år om gongen, eller for ein spesifikk kampanje. Skal ei verksemd køyre ein kampanje for eit nytt produkt, kallar vi gjerne kommunikasjonsplanen for ein kampanjeplan.

Nedanfor ser du eit døme på korleis vi kan setje opp ein kommunikasjonsplan:

Mal for ein kommunikasjonsplan

Punkt

Beskriving

Overordna prinsipp

Verdiane for verksemda og etiske retningslinjer med meir

Kommunikasjonsmål

Kva er kommunikasjonsmålet? (ev. fleire kommunikasjonsmål)

Kommunikasjonsmålgruppe

Kva for ei (nokon) kommunikasjonsmålgruppe(r) har vi valt, og kvifor?

Bodskap og verkemiddel

Kva er bodskapen, og kva verkemiddel bruker vi?

Kommunikasjonstiltak og -kanalar

Kva for nokon kommunikasjonstiltak bruker vi, og kvifor?

Kva for nokon kommunikasjonskanalar bruker vi, og kvifor?

BudsjettKor mykje pengar har vi?
Korleis fordeler vi bruk av pengane?

Tidsplan

Når skal kommunikasjonstiltaka gjennomførast?

Ansvarleg

Kven er ansvarleg?

Fagomgrep

Bodskap
er informasjonen som har som formål å påverke, og som går frå sendar til mottakar.
Effektmåling
er å måle effekten av ulike tiltak, som å måle kva effekt ein reklamekampanje har hatt for omsetninga.
Kommunikasjonskanal
er den flata, plattforma eller mediekanalen vi vel for å formidle ein bodskap til kommunikasjonsmålgruppa. Utandørsreklame, radio, tv, nettsider eller aviser er døme på kommunikasjonskanalar.
Kommunikasjonsmål
er mål for marknadskommunikasjon.
Kommunikasjonsmålgruppe
er ei gruppe personar vi skal påverke med bodskapen vår.
Kommunikasjonsplan
er konkretiseringa av ein kommunikasjonsstrategi.
Kommunikasjonsstrategi
er ei samling strategiske avgjerder knytte til kommunikasjonen inne i sjølve verksemda, og korleis verksemda skal kommunisere med marknaden.
Kommunikasjonstiltak
er konkrete tiltak for å nå eit kommunikasjonsmål. Reklame, innlegg i sosiale medium og sponsing er døme på kommunikasjonstiltak.kommunikasjonsmålgruppa/kommunikasjonsmålgruppene for å nå kommunikasjonsmål.
Marknadskommunikasjon
er overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Kjelder

Haus, E. & Olsen, L. (2022): Markedsføring. Pensum på 1–2–3. Cappelen Damm akademisk.

Helgesen T. (2006): Markedskommunikasjon. Prinsipper for effektiv informasjon og påvirkning. Cappelen Akademisk forlag.

Olsen, L. E. og Peretz, A. (2017). Markedskommunikasjon. Fagbokforlaget.

Pihl, R. & Vikøren, B. M. Markedskommunikasjon. I Store norske leksikon. https://snl.no/markedskommunikasjon

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge, Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 26.02.2026