Visjon og forretningsidé - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Visjon og forretningsidé

Når ei verksemd blir etablert, har dei som regel ein visjon, ein slags framtidsdraum og leiestjerne. Korleis denne visjonen skal realiserast, blir formulert i ein forretningsidé.

Visjon – leiestjerne

Ein visjon er "framtidsdraumen" for verksemda. Visjonen skal seie noko om kva retning verksemda ønskjer å jobbe mot. Ein kan seie at visjonen skal vere ei leiestjerne, ein vegvisar.

Visjonen skal gi dei tilsette felles verdiar og retningslinjer, som skal liggje til grunn for alle avgjerder og handlingar.

Døme på visjonar kan vere

  • "Make people healthier and happier", SATS

  • "Å skape en bedre hverdag for de mange menneskene", IKEA

  • "Å gjøre livet enklere for reisevante folk i Skandinavia", SAS

  • "Vi skaper uforglemmelige øyeblikk", TV2

Forretningsidé

Forretningsideen skal formidle kva verksemda skal gjere, for kven og korleis. Forretningsideen bør òg få fram det unike eller heilt spesielle ved idéen til verksemda.

Ein forretningsidé bør kunne gi svar på desse spørsmåla:

  • Kva behov skal vi tilfredsstille?

  • Kva produkt skal vi tilby?

  • Kven skal kjøpe produkta?

  • Kvifor skal dei kjøpe produkta våre?


Forretningsideen til IKEA er "å tilby et stort utvalg form- og funksjonsriktige hjeminnredningsprodukter til så lave priser at så mange mennesker som mulig har råd til å kjøpe dem".

Tenk over

Kva synest du om visjonen og forretningsideen til IKEA?

Utan nokre klare tankar om kva vi ønskjer å få til, er det vanskeleg å overleve som verksemd. Det er derfor viktig å ha ein god forretningsidé.

Det er ein fordel med ein unik forretningsidé som ikkje andre lett kan kopiere. Vidare er det viktig at forretningsideen har ei forretningsmessig forankring. Med det meiner vi at det finst målgrupper som er villige til å betale for produktet som vi skal levere.

Når du skal utvikle ein forretningsidé, må du finne ut om det er ein marknad for idéen din. Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Å vurdere aktuelle målgrupper er viktig i prosessen med å utvikle forretningsidéen. Du kan lese om segmentering og målgrupper i dei relaterte artiklane.

Relatert innhald

Fagstoff
Segmenteringsvilkår

Korleis kan du vurdere om eit utvalt segment er verdt å satse på som målgruppe?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2020