Oppgave
Utvikle nye metodar for leksehjelp
Skulane treng hjelp frå dykk! Mange elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande synest lekser er kjedeleg og vanskeleg. Og ikkje alle har nokon heime til å hjelpe seg, av ulike grunnar. Kommunen har fått tilbakemeldingar frå skulane om dette, og ber no dykk om hjelp til å ta tak i denne utfordringa.
Kommunen og skulane treng hjelp frå dykk til å finne nye metodar for digital leksehjelp.
I klassa
- Snakk om leksehjelp i klassa. Del erfaringar og diskuter kva som er bra og mindre bra med leksehjelp.
- Bli einige om kva som er dei åtte største utfordringane med leksehjelp. Skriv ei liste på tavla og nummerer punkta.
- Del klassa inn i grupper på fire.
I grupper
- To elevar i kvar gruppe skriv ned eit tal mellom 1 og 8 og eit tal mellom 1 og 12. Det første talet representerer ei av utfordringane de har blitt einige om i klassa. Det andre talet skal de bruke til å velje ord frå slumpordlista nedst på sida.
- Ta utgangspunkt i utfordringa og slumpordet dykkar, og diskuter dykk fram til nokre idear til korleis skulane kan drive digital leksehjelp.
Presenter ein av ideane dykkar for klassa.
Slumpord
- podkast
- lærar
- app
- telefon
- matematikk
- eple
- flyktningar
- bibliotek
- bok
- ferie
- ekspert
- eldre
Relatert innhald
Fagstoff
Slumpord med berekraftsmåla til FNSlumpord med berekraftsmåla til FN er ei øving der du får trent opp evna til kreativitet og assosiasjonstenking.