Samfunnsansvar og berekraftig utvikling
Både forbrukarar og verksemder har eit samfunnsansvar. Å ta samfunnsansvar for ei verksemd inneber mellom anna å respektere menneskerettane, å unngå skadeleg miljøpåverknad, å sikre gode arbeidsforhold, å motverke korrupsjon og å bidra positivt til omgivnadene både lokalt og globalt.
Vi forbrukarar kan velje å kjøpe og bruke produkt frå verksemder som tek samfunnsansvaret sitt på alvor, og som set berekraftige løysingar først. Berekraft og berekraftig utvikling er ord som blir mykje brukte i dag, men omgrepa er ikkje nye.
Allereie i 1987 blei omgrepet berekraftig utvikling lansert – i rapporten "Vår felles framtid". Rapporten blei gitt ut av Verdskommisjonen for miljø og utvikling, nedsett av FN og leidd av statsministeren vår på det tidspunktet, Gro Harlem Brundtland. I rapporten blei omgrepet berekraftig utvikling definert som "utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov".
Berekraftig utvikling handlar om å ta etiske og ansvarlege val med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Du kan sjå ein kort og enkel film nedanfor (3:23), som mellom anna forklarer eit døme om ein fotball si reis før han når fram til fotballspelarane.
I 2015 kom berekraftsmåla til FN, som er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane innan 2030 (FN-sambandet, 2015). Du kan sjå dei 17 berekraftsmåla nedanfor.
Forbrukarmarknaden kan påverke verksemder til å følge opp samfunnsansvaret sitt. Det finn vi eit døme på hos møbelprodusenten IKEA. IKEA har opplevd ein aukande etterspurnad etter heimlevering. Samtidig veit dei at kundane er opptekne av berekraftig utvikling. Derfor har IKEA forplikta seg til berre å bruke elektriske eller andre nullutsleppskøyretøy til heimleveransar, leigebilar og interne transportar. Og transportselskapet Bring, som leverer varer for IKEA, bruker no berre elektriske vare- og lastebilar når dei køyrer for IKEA.
Kanskje vi forbrukarar kan bli endå flinkare til å "tvinge" verksemder til å drive meir berekraftig, og til å tenke meir på vårt eige samfunnsansvar? Viss vi sluttar å handle med verksemder som ikkje tek samfunnsansvaret sitt på alvor, kan det ha store følger for bedriftene.
Tenk over
Er du bevisst på ditt eige samfunnsansvar når det gjeld forbruket ditt?
Har du inntrykk av at fleire verksemder er meir bevisste på å legge vekt på berekraftig utvikling og sitt eige samfunnsansvar?
Mange forbrukarar er opptekne av berekraftig utvikling og ønsker å gjere gode ting for verda. For verksemder er det derfor viktig å utvikle og vise vegen til nye, betre og meir berekraftige løysingar.
I dei to filmane nedanfor (ca. 3 min hver) høyrer vi Kaja Skovborg-Hansen, dagleg leiar av mathallen Vippa i Oslo, fortelje om korleis Vippa fokuserer på berekraftig verdiskaping, og korleis dei prøver å påverke forbrukarane til å ta berekraftige val.
På Vippa stiller dei krav både til leverandørane, til leigetakarane og til ei viss grad òg til forbrukarane. Gjestene må mellom anna rydde etter seg og sortere avfallet sjølv. Vippa bruker porselen og bestikk, ingenting i plast. På baksida av bygget har dei eit komposteringsanlegg for restemat, slik at gjestene både kan sjå og lære om Vippa sin visjon "frå jord til bord til jord igjen".