Netthandel - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Netthandel

Jobbar du innan netthandel, må du kjenne til kva rettar kundane dine har i samsvar med forbrukarkjøpslova, angrerettlova og ehandelslova.

Kva er netthandel?

Netthandel er kjøp og sal av produkt over internett. Også nettauksjonar og handel via e-post er netthandel. Når du sel produkt på internett, har kundane dine dei same rettane som når dei handlar i ein fysisk butikk.

Aktuelle lover for netthandel

Netthandel er underlagd norsk lov, og det er mange lover å innrette seg etter. Nokre av dei viktigaste lovene som har innverknad på netthandel, og dermed òg på innhaldet i salsvilkår som du er pliktig til å oppgi til kundane, er

  • ehandelslova
  • forbrukarkjøpslova
  • angrerettlova
  • avtalelova
  • verjemålslova
  • marknadsføringslova
  • pantelova
  • finansavtalelova
Les meir i dei aktuelle lovene

ehandelslova, lovdata.no

forbrukarkjøpslova, lovdata.no

angrerettlova, lovdata.no

avtalelova, lovdata.no

verjemålslova, lovdata.no

marknadsføringslova, lovdata.no

pantelova, lovdata.no

finansavtalelova, lovdata.no

Opplysingsplikt ved netthandel

Alle som driv netthandel, har opplysingsplikt overfor kundane. Netthandel er regulert av ehandelslova, som krev at det skal kome fram klart kven marknadsføringa skjer på vegner av. § 9 i ehandelslova har ei rekkje føresegner om opplysingsplikt:

  • Ved ubeden marknadsføring via e-post skal det kome fram at meldingane inneheld marknadsføring idet meldingane blir tekne imot.
  • Overfor private forbrukarar skal det opplysast om totalkostnadene forbrukaren skal betale, medrekna alle avgifter og leveringskostnader.
  • Reklametilbod, som til dømes rabattar, premiar og gåver, skal lett kunne identifiserast. Opplysingar om vilkår for å nytte seg av tilboda skal vere klare og lett tilgjengelege.
  • Salsfremjande konkurransar eller spel skal lett kunne identifiserast.
  • Opplysingar om vilkår for å delta i konkurransane eller spela skal vere klare og lett tilgjengelege.

Flyselskap og turoperatørar skal òg oppgi kostnader ved endringar av namnet til den reisande, destinasjon og tidspunkt.

Ehandelslova byggjer på eit EU-direktiv. Heimlandkontroll står sentralt i lova. Det vil seie at selskap som driv netthandel, skal følgje lova i det landet der selskapet er etablert (etableringslandsprinsippet). Forbrukarar får vern etter retten i sitt eige land.

Angrerett

Ved netthandel gjeld, som hovudregel, angreretten. Kunden har i utgangspunktet 14 dagars angrefrist frå den dagen vara er teken imot. Vara må returnerast i tilnærma same stand som då kunden fekk ho.

Angreretten er heimla i angrerettlova. Han gjeld ved sal av varer og tenester til forbrukarar, når seljaren eller tenesteytaren opptrer i næringsverksemd og avtalen blir inngått ved fjernsal eller sal utanfor fast utsalsstad.

Seljaren har ei omfattande opplysingsplikt før det blir inngått avtale om kjøp ved netthandel. Seljaren er forplikta til å opplyse om angreretten. Kunden skal få eit angrerettskjema saman med vara. I motsett fall blir klagefristen automatisk forlengd til eitt år.

Skrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019