Oppgave
Lær marknadskommunikasjon av kvarandre
I denne oppgåva skal du samarbeide med den du sit ved sida av i klasserommet, med vekt på å lære marknadskommunikasjon av kvarandre. Lykke til! 😊
Sjå på omgrepa nedanfor, og fordel dei med medeleven ved sida av deg.
- Bruk nokre minutt på å setje deg inn i omgrepa du har fått tildelt, før du forklarer dei for medeleven din.
- Be deretter vedkommande formulere det han/ho har lært av deg, med eigne ord.
- Medeleven forklarer deretter dei andre omgrepa til deg, før du skal formulere desse med eigne ord.
Fokus i denne oppgåva er å lære av kvarandre.
- marknadskommunikasjon
- kommunikasjonsprosessen
- retoriske appellformer
- Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse
- AIDAS-modellen
- kommunikasjonskanalar
- eigne, kjøpte og fortente kanalar
- individuell kommunikasjon
- massekommunikasjon
- digital kommunikasjon
- viral marknadsføring
- influensarmarknadsføring