Kreative fasar i idéutvikling - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kreative fasar i idéutvikling

Skal du lage eit spennande produkt, må du ha ein god idé. Men korleis kan du skape og utvikle idéer? Idéutvikling blir gjerne delt inn i ulike kreative fasar. Vi kan dele prosessen opp i ein problemfase, ein idéfase og ein løysingsfase.

Problemfasen

Utforsk målgruppa, etterspørsel i marknaden, og tenk nøye gjennom kva som er viktig for oppdragsgivaren. Definer kva som er målet med produktet eller bestillinga. I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon.

Idéfasen

I denne fasen er det lurt å samarbeide med andre og bruke ulike kreative metodar. Denne fasen kallast òg JA-fasen. Her er ingen idéar dumme. La fantasien springe fritt, alt er lov!

Løysingsfasen

No er det tid for å vere kritisk og kaste det som ikkje skal brukast. Det betyr at du kanskje må gi slepp på noko du liker godt, for å kunne satse fullt på den idéen du trur vil fungere best for kunden og målgruppa.

I denne fasen skal du utvikle idéen vidare, visualisere og synleggjere han i form av skisser, stemningskart, materialkart, prototypar eller modellar som blir presentert for ein kunde eller oppdragsgivar.

Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2020