Korleis kan vi redusere matsvinn? - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis kan vi redusere matsvinn?

Korleis kan vi redusere matsvinnet i verda?

Bakgrunn

Ifølgje NHO Mat og Drikke kastar vi i Noreg ca. 355 000 tonn etande mat kvart år, noko som svarer til ca. 70 kilo mat per innbyggjar. På verdsbasis har FN estimert at 1/3 av all mat som blir produsert, aldri blir eten. Matsvinnet kjem både frå oss forbrukarar, frå matindustrien og frå daglegvarehandelen.

Oppgåve

I denne oppgåva skal de bruke same opplegg som i øvinga kleshengjar, men temaet no er altså matsvinn.

Tid: minimum 20 minutt

Føremålet med oppgåva er

  • å få fram så mange idear som mogleg til korleis vi kan redusere matsvinn blant forbrukarane, i matindustrien og i daglegvarehandelen
  • å trene på at ingen idear er dårlege

Materiell

  • bilete av mat og matsvinn
  • noko å skrive på og med
  • premie til vinnargruppa (for å markere at kvantitet er viktig i kreativt arbeid)

Instruksjon

  1. Elevane går saman i grupper på to eller tre.
  2. Læraren fortel om bakgrunnen for oppgåva:

    FNs berekraftsmål nummer 2 er å utrydde svolt. Trenden viser at om vi held fram som før, vil nær 2 milliardar menneske vere underernærte i 2050. Det 12. berekraftsmålet handlar om ansvarleg forbruk og produksjon. Dagens samfunn forbruker meir enn det som er berekraftig for kloden vår (FN-sambandet, 2020). I 2018 la matproduksjonen beslag på 37 prosent av landareala i verda og 70 prosent av ferskvatnet. Matproduksjonen står vidare for 24 prosent av klimagassutsleppa i verda (Matsentralen, u.å). Det seier seg sjølv at dette ikkje kan halde fram som før. Kva skal vi gjere for å ta tak i desse utfordringane?

  3. Gruppene får 3 minutt på å finne på flest mogleg idear til korleis vi kan løyse problema med matsvinn. Dei kan velje om dei vil fokusere på forbrukarane, matindustrien eller daglegvarehandelen. Det er viktig å fokusere på «ja, og …». Det er ikkje lov å seie «nei» eller «ja, men …».
  4. Når tida er ute, skal kvar gruppe telje ideane sine.
  5. Læraren ber alle som har over 5 idear, om å rekkje opp handa, deretter alle med 10 idear, 15 idear og 20 idear – til det berre er éi gruppe att. Denne gruppa får ein liten premie. Premien kan vere symbolsk, men det er viktig at dette blir markert.
  6. Læraren ber vinnargruppa lese opp alle ideane sine. Deretter ber læraren dei andre gruppene velje ut nokre idear dei kan lese opp. (Det er viktig å involvere alle.) Denne delen kan ta litt tid med mange grupper, så her må ein tilpasse ut frå kor lang tid ein har.

Refleksjon i fellesskap

  • Korleis kan vi redusere matsvinn heime hos oss?
  • Kva tenkjer de at de lærer av denne oppgåva?
  • Korleis kan dette vere nyttig trening for arbeid med ulike prosjekt?

Relatert innhald

Fagstoff
Kleshengjar

Kleshengjar er ei enkel øving for å trene på kreativitet. Ho eignar seg å gjere før de går i gang med å utarbeide idear.

Kjelder

Matsentralen. (u.å.). Matsvinn. Henta frå https://www.matsentralen.no/matsvinn

NHO Mat og Drikke. (u.å). Matsvinn. Henta frå https://www.nhomd.no/politikk/en-barekraftig-mat--drikke--og-bionaring/matsvinn/

FN-sambandet. (2020, 28. januar). FNs berekraftsmål. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal?lang=nno-NO

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020