Oppgave
Har kunden alltid rett?
Forbrukarkjøpslova vernar om rettane til forbrukarar ved forbrukarkjøp. For ein næringsdrivande er det spesielt viktig å kjenne til orda reklamasjon, garanti og angrerett.
Jobb i grupper på fire.
Sjå på videoen og set dykk inn i temaet forbrukarrett.
Lag tre små rollespel med utgangspunkt i
reklamasjon
angrerett
garanti
Rollene består av ein butikksjef, ein tilsett, ein forbrukaradvokat og ein kunde.
De vel først roller. Bruk fantasien, og skap situasjonar som kan oppstå.
Gruppene lagar eit rollespel som dei framfører i klassa.
Ta ein klassediskusjon i etterkant av kvart rollespel, og evaluer løysingane som kom fram.
Relatert innhald
Fagstoff
Regelverk – forholdet til kundaneDet er mange lover som regulerer forholdet mellom sals- og reiselivsbedrifter og kundane deira. Her blir du nærare kjend med nokre av desse lovene.