Oppgave
Handlevanar blant skuleungdom
Korleis er handlevanane til medelevane dine?
Målet med denne oppgåva er å kartleggje handlevanane til ungdommar, avdekkje haldningane deira til berekraft og sjå om handlevanane for denne aldersgruppa har endra seg. Dette skal de gjere ved å gjennomføre ei undersøking blant elevane på skulen dykkar.
- Diskuter og bli samde om spørsmål de vil stille til medelevane dykkar.
Lag ei undersøking
- Bestem dykk for om de vil ha ei spørjeundersøking eller eit intervju. For å få eit breiare utval kan de òg lage undersøkingar på sosiale medium.
Planlegg gjennomføringa
- Bestem når de vil gjennomføre undersøkinga, og set av tid til å analysere svara.
Gjennomfør undersøkinga
- Gjennomfør undersøkinga i par.
Analyser resultata
- Når alle data er samla inn, så analysar resultata i dei same para som gjennomførte undersøkinga saman. Skriv ei oppsummering.
Lag eit felles dokument for klassa
- Lag eit felles dokument der de samlar oppsummeringane frå dei enkelte undersøkingane. Kva slags handlevanar har dei unge i dag?
Diskuter
- Diskuter interessante funn med tanke på berekraft og sirkulær økonomi. Er ungdom opptekne av kvar varer kjem frå? Er dei opptekne av gjenbruk? Tenkjar dei på miljøet?
- Avdekkjer undersøkinga noko de vil undersøkje vidare eller gjere noko med?