Aleksandra Joners klessjokk - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Aleksandra Joners klessjokk

I NRK-serien Sløsesjokket tek Aleksandra Joner og programleiar Christian Strand eit djupdykk i klesindustrien, som er den nest mest forureinande industrien i verda. Dei får begge ei aha-oppleving.

Haugane av klede veks

Tenk over

  • Kor mange jeans har du i klesskåpet ditt? Kor mange t-skjorter har du? Kor ofte bruker du eigentleg dei ulike kleda dine?

  • Kva tenker du etter å ha sett episoden ovanfor? Er du overraska over kor mykje som skal til for å lage dei plagga du kanskje berre bruker nokon få gonger?

Haugane av klede veks og veks. Ifølge Hilde Kjønstad, som er innkjøpsleiar i Fretex, er nordmenn flinke til å donere klede, men ikkje like flinke til å kjøpe brukt. Ho fortel vidare at det kjem inn heile 50 tonn med klede til Fretex om dagen, men at berre 10 prosent av det dei samlar inn, blir selt i butikkane deira.


Dei resterande 90 prosentane av det som blir samla inn, blir eksportert til sorteringsanlegg i Europa, der bruktmarknaden er mykje større enn i Noreg. Hilde Kjønstad har uttalt følgande:

Vi skulle gjerne ha selt meir brukt i Noreg, men har dessverre ikkje etterspørselen til det. Vi skulle gjerne sett at folk var like gode til å kjøpe brukt som til å gi til innsamlingsaktørane. Vi jobbar for at det skal vere inspirerande for folk å handle brukt tøy i butikkane våre.

Tenk over

Kvifor trur du at nordmenn er flinke til å gi vekk brukte klede – men ikkje så flinke til å kjøpe brukt?

Vibrent, tidlegare kalt Fjong, var eit selskap som leigde ut klede. Selskapet blei lagt ned i 2024. Konseptet var ei strøymeteneste som lot deg abonnere på klede. Hos Vibrent kunne både privatpersonar, designarar, butikkar og leverandørar leige ut klede.

Ambisjonen til Vibrent var å vere med på å endre måten vi konsumerer klede på. Å auke utnyttingsgrada på antrekka vil gagne både eigarane og brukarane, i tillegg til at det er mykje meir berekraftig og økonomisk. I videoen nedanfor fortel gründeren av Fjong, deretter Vibrent, Sigrun Syverud, meir om konseptet:

Tenk over

Kunne du tenkt deg å teste ut ei strøymeteneste som lèt deg abonnere på klede? Kvifor / kvifor ikkje?

Kva kan vere framtidige løysingar for å få ein meir berekraftig tekstilindustri? I den relaterte artikkelen nedanfor kan du sjå Jenny Skavlan besøke eit firma i Portugal som jobbar med å gjere avfall om til tekstilar.

Kjelde

Gaden, M. (2021, 13. januar). Alexandra Joner om klessjokket: – Jeg fikk det rett i fleisen! Henta frå https://www.kk.no/mote/alexandra-joner-om-klessjokket---jeg-fikk-det-rett-i-fleisen/73277826

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Jenny Skavlan om tekstilindustrien

Jenny Skavlan elskar klede og er samtidig oppteken av berekraftige løysingar. Kva kan vere framtidige løysingar for ein meir berekraftig tekstilindustri?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024