Oppgave
Standardisering
Kva meiner vi med standardisering, og kvifor er det viktig?
Standard Noreg
Gå inn på nettsida til Standard Noreg, nettsida til Standard Noreg, standard.no, og finn ut følgjande:
- Kva er ein standard?
- Kva fordelar kan ei bedrift oppnå ved å bruke ein standard?
- Kva inneber det at eit produkt er CE-merkt?
- ISO 9000 er ei samling av fleire standardar, også omtalt som ISO 9000-familien. Når ei verksemd skal sertifisere kvalitetsleiingssystemet sitt, skjer dette etter krava i ISO 9001. Kva oppnår ein ifølgje Standard Noreg med eit kvalitetsleiingssystem?
FNs berekraftsmål
Standardar er ifølgje Standard Noreg eit nyttige verktøy for å nå FNs berekraftsmål. Dei har derfor laga ei oversikt over seksten standardar som kan bidra til å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskapar og stoppe klimaendringane innan 2030.
Kva heiter desse seksten standardane? Sju av desse standardane kan brukast av alle typar organisasjonar – kva er dei sju?
Gå inn på nettsida til STAND – Standardiseringsutvalet for norsk daglegvarebransje, nettsida til STAND – Standardiseringsutvalet for norsk daglegvarebransje, stand.no, og finn ut følgjande:
- Her blir omgrepa D-pak og F-pak brukte. Finn ut kva dette står for.
- STAND nemner nokre føresetnader for å kunne måle, utveksle og evaluere servicegrad-data. Kva er disse føresetnadene?
- STAND beskriv seks ulike måltal. Kva er dei? Det er tilrådd å prioritere tre av desse. Kva tre er det?