Rammene for marknadsplanen - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rammene for marknadsplanen

Det er vanskeleg å lage ein god marknadsplan utan å ha klart for seg kva produkt ein skal selje, eller situasjonen bedrifta er i. Måla, marknadsstrategien og situasjonen til bedrifta er derfor viktige rammer for aktivitetane i marknadsplanen.

Målet til bedrifta

Styret og leiinga i bedrifta set mål for korleis bedrifta skal utvikle seg. For marknadsføringsarbeidet kallar vi dette marknadsmål. Dette kan vere

  • vekst i omsetning
  • vekst i marknadsdel
  • vekst i talet på nye kundar
  • høgare kundetilfredsheit
  • betre kundelojalitet (ta vare på og selje meir til dei kundane vi har)

Når bedrifta planlegg marknadsaktivitetane sine i marknadsplanen, vil måla for bedrifta som heilskap òg vere måla for marknadsaktivitetane.

Marknadsstrategien til bedrifta – dei fem p-ane

Marknadsstrategien til bedrifta er ei ramme for korleis marknadsaktivitetane skal gjennomførast. Dette er val leiinga i bedrifta har teke, som seier noko om eigenskapar ved produkta, kva pris ein skal ta, korleis produkta skal seljast, og korleis dei skal marknadsførast.

Eit viktig verktøy for å kartleggje marknadsstrategien til bedrifta er dei fem p-ane:

  • produkt
  • pris
  • plass, distribusjon
  • påverknad (marknadsføring)
  • personale

Når ei bedrift gjer sine val for dei fem p-ane, har dei samtidig laga marknadsstrategien sin.

Korleis kan vi bruke dei fem p-ane til å lage ein marknadsstrategi?

Marknadsstrategi

Dei fem p-ane

Produkt

Kva produkt skal bedrifta tilby? Skal produkta ha høg eller låg kvalitet? Har produkta andre kjenneteikn eller eigenskapar som skil seg frå produkta til konkurrentane?

Pris

Skal prisen vere høg, låg eller lik tilsvarande produkt i marknaden? Kva pris er forbrukarane villige til å betale, og korleis heng prisen saman med kvaliteten? Skal vara seljast både på nett og i gatebutikkar? Skal prisen vere den same begge stader?

Plass, distribusjon

Dersom det gjeld sal frå ein gatebutikk, er det viktig å tenkje over plassering, parkeringsmoglegheiter, opningstider, korleis butikken ser ut, innreiing og så vidare.

Påverknad (marknadsføring og PR)

Kva kanalar skal bedrifta satse på? Skal bedrifta jobbe aktivt for å få omtale i pressa?

Personale

Kva servicenivå skal bedrifta tilby? Skal bedrifta satse på at kundane i hovudsak finn fram sjølv, til dømes ved å handle på nett, eller skal ho ha kunnskapsrike medarbeidarar som hjelper kundane i butikken?

Dei fleste bedrifter har allereie tenkt godt gjennom desse punkta og bruker dei aktivt til hjelp når dei jobbar med marknadsføring.

Eit døme frå daglegvarehandelen

Korleis trur du marknadsstrategien for dei to daglegvarekjedene Rema 1000 og Meny skil seg frå kvarandre?

Utan at vi som forbrukarar kjenner marknadsstrategien til desse to kjedene, kan vi likevel seie noko om korleis vi som forbrukarar oppfattar dei på bakgrunn av opplevingane våre. Dømet under viser korleis vi ved hjelp av dei fem p-ane kan sjå for oss korleis marknadsstrategiane til dei to dagligvarekjedene skil seg frå kvarandre:

Eksempler på Marknadsstrategiar

Rema 1000

Meny

Produkt

grei kvalitet, kvardagsvarer, billeg og rask ferdigprodusert mat, klar for bordet

høg kvalitet og stort utval, satsar på gode råvarer kundane lagar til sjølv

Pris

låg

høg

Plass, distribusjon

for alle, mange butikkar som dekkjer store delar av Noreg

færre butikkar, plasserte der dei trur folk som er villige til å betale for kvalitet og spesielle produkt, handlar

Påverknad, massekommunikasjon

bodskap: berre låge prisar

bodskap: «Et du betre, lever du betre»

Personale

sjølvbetening

ferskvaredisk med spesialistar som gir tips om matlaging

Marknadsstrategien seier noko om kva bedrifta tilbyr, kva som er fordelane eller det unike med produkta deira, kven dei ønskjer å nå, og korleis dei ønskjer å nå dei. Dette er viktige føringar, eller rammer, for korleis bedrifta jobbar med marknadsaktivitetane sine.

Situasjonsanalyse

Korleis ser situasjonen ut for bedrifta vår i dag? Er det noko som har endra seg hos forbrukarane og korleis dei handlar? Er det kome nye avgjerder frå myndigheitene som påverkar bedrifta vår? Kva gjer konkurrentane? Har vi vidareutvikla produktet vårt og gitt det fleire fordelar samanlikna med konkurrentane?

Eit godt døme på ei slik endring er alle tiltaka som blei innførte i samband med at det nye koronaviruset nådde og spreidde seg i Noreg i mars 2020:

  • Myndigheitene påla bedrifter strenge restriksjonar, spesielt alle bedrifter der direkte kundekontakt er viktig. Eksempelvis barar, frisørsalongar og fysioterapauter måtte i ein periode halde stengt.
  • Samtidig opplevde ein annan type bedrifter, som nettbutikkar og matkasseleverandørar, enorm pågang.

SOFT-analyse – eit verktøy for marknadsførarar

I dag skjer endringar raskt, og vi som marknadsførarar må heile tida følgje med på korleis akkurat vår marknad utviklar seg. Ein analyse av situasjonen for bedrifta i dag er derfor også ein viktig del av marknadsplanen. Dagens situasjon påverkar nemleg kva aktivitetar vi vil prioritere i marknadsplanen.

For å hjelpe oss med dette bruker vi eit verktøy vi kallar ein SOFT-analyse.

Ein SOFT-analyse er ei vurdering av styrkane og svakheitene til bedrifta og av eksterne forhold, både forhold som kan gi moglegheiter, og forhold som kan vere moglege trugslar.

SOFT-analyse

Interne forhold

Eksterne forhold

Styrkar, til dømes:

  • eigenskapar ved produktaet
    • låg pris
  • høgt servicenivå
  • personale med høg kompetanse
  • høg grad av automatisering (bruk av teknologi)

Moglegheiter, til dømes:

  • nye marknadsmoglegheiter (nye geografiske område, nye målgrupper)
  • konkurrent som legg ned verksemda
  • nye marknadsføringskanalar der vi kan no målgruppene våre

Svakheiter, til dømes:

  • lang produksjonstid for produktet
  • eigenskapar ved produktet
    • høg pris
  • lågt servicenivå
  • personale med låg kompetanse
  • lita grad av automatisering (bruk av teknologi)

Trugslar, til dømes:

  • konkurranse frå andre
  • nye pålegg frå det offentlege

Ein SOFT-analyse er eit verkemiddel vi kan bruke for å treffe betre med marknadsføringa. Han hjelper oss med å gjere riktige val når vi skal planleggje aktivitetane i marknadsplanen vår.



Skrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 04.04.2020