Påverknad og endring av forbrukaråtferd - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Påverknad og endring av forbrukaråtferd

Kva vi vel å kjøpe og konsumere, er avgjerande for kva som blir produsert og selt. Men korleis vel vi kva vi kjøper? Er det ei rasjonell eller impulsiv avgjerd?

Kva er det som bestemmer åtferda til forbrukarane?

Åtferda vår som forbrukarar blir bestemd av både ytre og indre faktorar. Ytre faktorar er mellom anna tilgang, tilgjengelegheit og pris – kva produkt finst tilgjengeleg, har vi råd til dei, og så vidare. I enkelte tilfelle kan du til dømes ha råd til å betale for dyrare økologiske produkt, men det er kanskje ikkje mogleg å få tak i dei der du bur.

Indre faktorar går på motivasjon, på eigne preferansar og behov, som på si side blir påverka av mange faktorar. Kommunikasjonen til næringslivet er ein av desse faktorane, men ikkje den einaste. Det meste av forbruket vårt blir bestemt av kva andre rundt oss gjer. Nye nevrologiske studiar viser at vi er mykje mindre rasjonelle og mindre disiplinerte når vi skal kjøpe noko.

Ifølgje ein del studiar blir så mykje som 90–95 prosent av vala vi tek i ein butikk, bestemde av impuls, kjensler og vaner. Vi kjøper oftast det vi kjenner. Berre ein liten prosentdel av kjøpa våre er baserte på gjennomtenkte avgjerder.

Sjølvsagt kan funna variere, alt etter kva gruppe det er snakk om. Ungdom synest å vere meir påverka av reklamebodskapen i næringslivet enn andre.

Har forbruket altså berre blitt større og meir impulsivt?

Absolutt ikkje! Det blir no satsa på berekraftig og samarbeidande forbruk – noko som ikkje berre rører enkeltmenneske, men også selskapa som produserer forbruksvarer og tenester.

På mange måtar er desse tendensane tett knytte til, og eit resultat av, krav og forventningar forbrukarane stiller. Det finst grupper i Europa som stiller spørsmål ved velferda og lykka vår. Det kan vere familiar med barn eller enkeltpersonar med eit visst utdanningsnivå, inntektsnivå eller medvitsnivå. For desse gruppene har det blitt stadig viktigare å leve i eit sunt miljø eller å vite kven som produserer produkta dei kjøper, og korleis. Og dei er ofte villige til å gå til handling. I rike land har desse blitt ei kraft å rekne med i marknaden.

I ein del bransjar, til dømes i tekstilbransjen, har dette ført til fleire meir ressurseffektive produkt og tenester. Eit av dei prosjekta ein er veldig oppteken av no, er å sjå på korleis motebransjen kan bli meir berekraftig, ikkje berre i eit miljøperspektiv, men også i eit sosialt perspektiv.

Kan åtferd påverkast gjennom politikk?

Åtferda til forbrukarane kan bli påverka av politikken. Vi må hugse at politikk i alle demokratiske samfunn treng støtta til veljarane. Blir det innført avgifter på ikkje-berekraftige alternativ, aukar prisen, og pris er ein viktig faktor for mange ved kjøp av varer og tenester.

Offentlege styresmakter er òg innkjøparar og kan dermed påverke marknaden for ein del produkt. Til dømes kan eit vedtak om å kjøpe inn berre økologiske matvarer eller fairtrade-kaffi til alle offentlege institusjonar, eller å favorisere bruk av miljøvennlege køyretøy til offentlege tenester, auke marknadsdelen for berekraftige produkt og tenester.

Den politikken landa fører, bidreg òg til å endre infrastrukturen slik at meir berekraftige alternativ blir tilbodne. Då er vi tilbake til spørsmålet om tilgang og tilgjengelegheit. Viss det ikkje finst sykkelvegar, kan ein ikkje forvente at sykkelen blir brukt som transportmiddel i særleg grad. Viss styresmaktene skal lykkast med politikken sin, må det finnast tilbod om sunne, berekraftige standardløysingar, men samstundes må vi ha fridommen til å kunne velje sjølv.

Når blir forbrukaråtferd endra?

Opplysningskampanjar bidreg til å auke medvitet. Men for å kunne få i stand nokon som helst åtferdsendring i større skala, må tilbodet vere tilgjengeleg, påliteleg og lett å bruke. Enkelte bildelingsordningar har vore særs vellykka. Godt gjennomtenkte, godt organiserte ordningar som bilkollektivet.no i Oslo og Stavanger nyt stor suksess, og andre liknande løysingar er på full fart inn.

Enkelte fordommar er seigliva. Til dømes er vi opptekne av vår eigen relative status i forhold til dei vi samanliknar oss med. Dessutan er vi sosiale imitatorar. Dersom tilbodet er interessant og andre bruker det, er det større sannsyn for at du òg vil hive deg på lasset. Når vi utformar eit initiativ eller ein politikk, bør vi ikkje prøve å endre på denne grunnleggjande føresetnaden. Tvert imot oppnår vi dei beste resultata når vi tek omsyn til desse faktorane og arbeider med dei, ikkje mot dei.

Det er mange som har gode idear når det gjeld å dele ressursar – det vere seg å låne klede på mote-bibliotek eller låne verktøy av naboar. Å oppskalere slike nisje-idear kan krevje tilrettelegging eller støtte frå offentlege organ.

Kjelde

Reich, L. (2016, 22. april). Hva er det som gjør at vi kjøper det vi gjør? Det Europeiske Miljøbyrået.

Skrive av Lucia Reich. Rettshavar: Det Europeiske Miljøbyå
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019