PåPåler AS – bodskapen - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

PåPåler AS – bodskapen

Per og Pål Meyer starta opp PåPåler AS, eit nytt reiselivskonsept som byrjar å bli klart til oppstart. Ideen til konseptet fekk dei to friluftsinteresserte gutane då dei var på padletur i Amazonas. Gutane treng hjelp til å formulere ein bodskap som treffer, og har spurt dykk om hjelp.

Informasjon

PåPåler AS er snart klare til å lansere det nye reiselivskonseptet sitt med pålehytter i ei elv nær dykk. Hyttene er opne for gjestar frå mai til oktober. For å kome til hyttene må gjestane bruke kano eller kajakk. Hyttene er ikkje knytte til bilveg. Hyttene har enkel standard, men likevel eit lekkert design. Det er naturopplevinga som står i fokus.

Gründerane er byggutdanna og har ikkje så mykje kunnskap om sal og marknadsføring. Dei tenkjer i første omgang å teste konseptet i den norske marknaden og så lansere det i Europa. Men dei er ikkje heilt sikre på korleis dei skal formulere bodskapen for å nå målgruppene sine. Dei har bede dykk om hjelp til denne oppgåva.

Oppgåve

De har takka ja til oppdraget med å formulere ein bodskap som treffer, og har bestemt dykk for å jobbe i grupper på tre. De må lage eigne føresetnader der de treng det.

Per og Pål ønskjer å nå ut til målgruppa si med ein bodskap om at hyttene er unike, og at det er eit berekraftig reiselivskonsept. Dei er sjølve veldig glade i naturen og ønskjer at gjestane òg skal oppleve denne gleda.

I reklamesamanheng er bodskapen ofte utforma som ein annonse med tekst, grafikk og bilete, eller som ein reklamefilm.

Formuler bodskapen

  • Det må kome tydeleg fram kva som er unikt med konseptet.
  • Beskriv PåPålers «unike salspoeng» (USP-ar).
  • Bestem om det skal vere ulike bodskapar til ulike målgrupper. Bruk gjerne i dette arbeidet.

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020