Oppgave
Mystery shopper
Oppgåva til ein mystery shopper er å «leike kunde», mens den eigentlege rolla er å vere på oppdrag for butikken for å teste servicenivået.
I denne oppgåva skal du jobbe saman med ei gruppe eller heile klassa. Vel ein butikk der de går inn som «mystery shoppers» og undersøkjer servicen og kundeopplevinga.
- Bestem kriteria for undersøkinga. Kva skal de observere og spørje om når de er i butikken? Lag gjerne eit skjema som de kan fylle inn i.
- Besøk butikken to om gongen, og observer utan at beteninga veit noko.
- Lag eit system for å systematisere dataa dykkar og registrere kva de finn ut.
- Presenter funna dykkar. Her kan de gjerne bruke diagram i Excel.