Marknadsundersøking og haldningskampanje - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Marknadsundersøking og haldningskampanje

At det i dag er mange dyreartar i verda som er i ferd med å døy ut, visste du sikkert. Men visste du at den gamle mobiltelefonen din kan vere med på å redde nokon av dei?

Kongo er eit land berykta for gruvedrifta si og utvinninga av mineral og metall til produksjon av mobiltelefonar. I takt med auka gruvedrift får blant anna gorillaene mindre leveområde og blir i større grad eit lettare bytte for ulovleg jakt. For å forhindre denne utviklinga oppfordrar no forskarar i Australia oss til å gjenvinne gamle mobiltelefonar.

Oppdrag 1: Marknadsundersøking

I grupper: Lag en markedsundersøkelse på trinnet / heile skulen dykkar om mobiltelefonar, resirkulering av mobiltelefonar og gjenbruk av mobiltelefonar.

Undersøkinga skal vise mobiltrendane blant elevane på skulen din, og om dei tenkjer på – og om dei kjenner til – berekraftig mobilbruk.

Svara de får, skal de bruke til å lage ein haldningskampanje som oppfordrar medelevar til å behalde mobiltelefonar lenger, ikkje byte telefon kvar gong ein ny modell kjem på marknaden – og å levere inn den gamle mobiltelefonen til resirkulering.

Les meir om kvalitative og kvantitative undersøkelser. Gruppene blir einige om kva spørsmål dei må stille for å få svar på det dei lurer på, og om kva type undersøking dei vil lage. Det blir anbefalt at halve klassen jobbar med kvalitative og den andre halvparten jobbar med kvantitative metodar – slik at de får både breidde og djupn i svara dykkar.

Forslag til spørsmål dere trenger svar på:

  1. Kor ofte byter dei mobiltelefon?
  2. Har dei gamle telefonar liggjande heime – og i tilfelle kor mange?
  3. Kjenner dei til at det går an å levere inn dei gamle telefonane sine, og at dei kan gjenvinnast?
  4. Er dette noko dei kan vurdere å gjere?
  5. Andre spørsmål de tenkjer er aktuelle når det gjeld det de no veit om resirkulering og mobiltelefonar?

De kan bestemme sjølv kva type undersøking de vil lage. Gode verktøy er:

Verktøya lista ovanfor har gratisversjonar, men du må kanskje ha pålogging for å ta dei i bruk.

Ver merksam på at tenester med innlogging kan samle data om brukarane sine.

Oppdrag 2: Haldningskampanje

Hensikta med ei haldningskampanje er å få folk til å endre haldninger og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.

Det finst mange gode grunnar til å resirkulere både mobilar og annan elektronikk. Det er ikkje berre viktig å unngå at mobilen blir kasta i anna avfall, men også å unngå at han blir liggjande heime i skuffer og skap. Viss ein mobiltelefon eller anna farleg avfall blir sortert feil, kan dette ha store konsekvensar for miljøet. Kommunen du bur i, har bede dykk om å planleggje ein haldningskampanje. Kampanjen har som mål å oppfordre elevar på vidaregåande skule til å resirkulere gamle mobiltelefonar og om å bruke dei gamle så lenge som mogleg.

De har ansvaret for

  • å konkretisere problemstillinga
  • å finne talmateriale som seier noko om bruk og kast av
  • mobiltelefonar i denne aldersgruppa (her kan de bruke tal frå undersøkinga i oppgåve 1)
  • å planleggje kampanjen
  • å føreslå kommunikasjonstiltak
  • å utforme skisser til slike tiltak

Lag ein plan for gjennomføring av haldningskampanjen, lag skisser og skriv eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar.

Planen blir vurdert av lærar.

Relatert innhald

Fagstoff
Slik gjer du marknadsundersøkingar

Gode marknadsundersøkingar gir bedrifta di ei retning. Det er krevjande å lage gode undersøkingar, men følg desse fem trinna, så er du på god veg.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen, Jone Nikolai Nyborg og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022