Marknadsplanen og kundereisa - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Marknadsplanen og kundereisa

Prosessen der ein kunde får kjennskap til eit produkt, vurderer det og til slutt bestemmer seg for å kjøpe det, kallar vi for kundereisa.

Tenk deg at du ser ein annonse for ein heilt ny type sneakers du ikkje har høyrt om før. Du synest skoa er fine, men tenkjer ikkje så mykje meir over det. Ei veke seinare ser du annonsen på nytt. Du klikkar på han og vitjar nettbutikken.

Du ser at dei har skoa i yndlingsfargen din, men synest dei er litt dyre. Etter ei ny veke ser du ein video frå ein influensar du følgjer på YouTube, og ho har kjøpt og testa ut akkurat desse skoa. Du tenkjer litt meir og vitjar nettbutikken igjen. Ein du følgjer på Instagram, deler eit kult bilete av skoa. Du kjenner det «rykkjer» i bankkortet.

Sånn kan du halde på i fleire rundar før du endar opp med å bestille eit par sko i yndlingsfargen din frå akkurat den nettbutikken.

Frå kjennskap til kjøp = kundereisa

I marknadsføring kallar vi prosessen der ein kunde i målgruppa får kjennskap til eit produkt, vurderer det og til slutt bestemmer seg for å kjøpe det, for kundereisa.

Ei kundereise kan bestå av veldig mange kontaktpunkt mellom ein potensiell kunde og eit produkt før det endar i eit sal. For ei bedrift er det viktig å vere til stades gjennom heile kundereisa, slik at ho «vinn» salet. Om bedrifta ikkje er til stades tidleg i kundereisa, veit kanskje ikkje den potensielle kunden at produktet finst. Er ikkje bedrifta til stades rett før eit sal, kan ho miste salet til ein konkurrent fordi kunden ikkje finn bedrifta når han eller ho er klar til å kjøpe.

Planlegg heile kundereisa

Å kjenne til kundereisa er viktig når vi lagar marknadsplanen vår. Ikkje berre må vi planleggje aktivitetar tidleg i kundereisa (spreie kjennskap), men vi må òg følgje opp og vere til stades gjennom avgjerdsprosessen og heilt fram til salet er fullført.

Vi deler derfor marknadsaktivitetane inn i

  • aktivitetar for å spreie kjennskap (byggje merkevare)
  • aktivitetar for å påverke til kjøp (salsutløysande aktivitetar)

Ei sterk merkevare (ei merkevare mange kjenner til og føretrekkjer, som Nike) må òg vere til stades gjennom heile kundereisa. Om ikkje kan ein konkurrent som er meir synleg, vere den som vinn salet.

Kundereise i digitale kanalar

I digitale kanalar kan vi tilpasse bodskapen i annonseringa til kvar i kundereisa vi møter kunden. I digitale kanalar kan vi ved hjelp av informasjonskapslar, også kalla «cookies», vite kva produkt kundane har sett på. I etterkant kan vi vise dei nye annonsar for produkta dei har vist interesse for, eller liknande produkt.

Skrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 04.04.2020