Marknadsplan og budsjett - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Marknadsplan og budsjett

Når vi jobbar med marknadsplanen, må vi tenke gjennom kor mykje pengar vi har å bruke på marknadsføring. Dei fleste bedrifter lagar marknadsplanane sine for eitt år om gongen, og ofte på hausten samtidig som dei lagar budsjett (plan for inntekter og utgifter) for neste år.

Fremje forslag til budsjett

Den som er marknadsansvarleg i bedrifta, kjem gjerne med eit forslag til budsjett. Her kjem det klart fram kor mykje pengar vi bør bruke, og kva vi forventar å få tilbake i form av sal. Forslaget til budsjett blir laga på grunnlag av aktivitetane vi har planlagt i marknadsplanen.

Ofte vil ein marknadsførar ønske seg meir pengar til aktivitetane sine enn det bedrifta ønsker å setje av, og då er det jobben til marknadsføraren å tilpasse marknadsaktivitetane til det budsjettet han eller ho får.

Korleis setje opp eit budsjett?

Når vi skal vurdere kva kvar aktivitet vil koste, er det viktig å tenke gjennom følgande:

  • Kva kostar det å annonsere i dei kanalane vi vel?
  • Har vi det materiellet vi treng (t.d. annonsar, reklamefilmar)?
  • Har vi dei ressursane vi treng? Har vi nok tilsette til å setje i gang og følge opp aktivitetane?
  • Har vi sett av nok pengar til å teste ulike bodskapar i ulike kanalar?

Fordi tilgangen til pengar ofte er ei avgrensing, gjeld det å bruke dei pengane vi har til rådvelde, smart. Derfor er det viktig å prioritere dei riktige aktivitetane, retta mot riktig målgruppe og i riktig kanal, slik at vi får mest mogleg att for pengane.

Eit enkelt døme frå ein nettbutikk for sportssko

  • Marknadsføraren skal selje ut restlageret med årets sommarsko med 50 prosent rabatt.
  • Salsprisen per par er 500 kroner (vanleg pris er 1 000 kroner).
  • Målgruppa er unge mellom 15 og 30 år.

Tenk etter

I kva kanalar trur du vi treffer målgruppa?

Vi gjer ein test i fleire kanalar og får desse resultata:

test i to kanalar

Nr

Kanal

Kostnad for kampanjen

Selde par

Inntekt

1

Facebook

100 000 kr

500

250 000 kr

2

YouTube

25 000 kr

400

200 000 kr

Kva for ein kanal har gitt best effekt?

I dette tilfellet har kanal 1 gitt inntekter på 250 000 og kosta 100 000 kroner. Det betyr at bedrifta sit att med 150 000 kroner. I kanal 2 var inntektene 200 000 kroner, mens kostnadene var 25 000 kroner. Bedrifta sit att med 175 000 kroner.

Derfor har kanal 2 gitt best resultat, sjølv om inntektene var høgare for kanal 1.

Viktig med riktig pengebruk

Når vi lagar marknadsplanane våre, set vi av ein sum med pengar til kvar aktivitet. I planlegginga av kvar kampanjeaktivitet vurderer vi kor mykje av pengane vi skal bruke til produksjon eller annonsekostnader, og korleis vi skal fordele annonsekostnadene mellom dei ulike kanalane.

Fordi riktig bruk av pengane er viktig for å få størst mogleg effekt, er det òg viktig å evaluere resultata etter kvar gjennomførte kampanje. Erfaringar frå tidlegare marknadsaktivitetar er ei verdifull innsikt når vi lagar marknadsplanen vår.

Skrive av Annette Pemmer og Trine Malde. Rettshavar: Synlighet
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020