Marknadsføring i praksisbedrifta - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Marknadsføring i praksisbedrifta

Marknadsføring er ein stor del av kvardagen til alle bedrifter. Som servicemedarbeidar i praksisbedrifta di er du òg ein del av marknadsføringa til bedrifta, både internt og eksternt.

Oppgåve 1 – forretningsidé

  • Fortel om forretningsideen til praksisbedrifta di.
  • Fortel om konkurrentane til bedrifta.
Tips

Prøv å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kva skal eg selje?
  • Kva behov hos kundane skal eg dekkje?
  • Kven skal eg selje til?

Oppgåve 2 – målgruppe

  • Kven er målgruppa til bedrifta?
  • Korleis segmenterer praksisbedrifta di marknaden?

Oppgåve 3 – konkurransemidla

  • Kva for konkurransemiddel bruker bedrifta, både internt og eksternt, for å nå målgruppa?
  • Korleis bruker bedrifta dei ulike konkurransemidla?
  • Kva gjer bedrifta for å få lojale kundar?
  • Kva for digitale medium bruker bedrifta?
Tips
  • Finn ut om bedrifta gjer marknadsundersøkingar, korleis ho i så fall gjer dei, kven ho sender slike undersøkingar til, og kva ho bruker dei til.
  • Finn ut om bedrifta har kundekort eller andre lojalitetsprogram.
  • Finn ut korleis bedrifta jobbar med kundereisa og sosiale medium.
Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020