Kvalitetsstyring - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitetsstyring

Som tilsett i ei verksemd har du ansvar for god kvalitet i arbeidet du gjer. Samtidig må leiinga fokusere på kvalitetsforbetringar. Men korleis kan leiinga sikre god kvalitet? Og kva meiner vi med kvalitetsstyring?

Kvalitetsstyre

Å kvalitetsstyre vil seie å koordinere aktivitetane for verksemda slik at leiinga kan ta avgjerder som sikrar god kvalitet. I ei verksemd som er styrt etter dette prinsippet, vil leiinga heile tida fokusere på kvalitetsforbetringar. Alle i verksemda vil ha ansvar for god kvalitet i arbeidet dei gjer, uavhengig av kva arbeidsoppgåver dei utfører.

Kvalitetssikringssystem

Det finst ulike kvalitetsstyringssystem til hjelp med å styre drifta av verksemda slik at ein oppnår resultata ein ønskjer. Ein fordel med eit slikt system er at det forenklar opplæringa og sikrar at arbeidet blir gjort slik leiinga ønskjer, og at oppgåvene blir gjorde likt uavhengig av kven som gjer dei.

Kvalitetssystemet kan gjerne integrerast med system for miljøstyring, sikkerheitsstyring, økonomistyring og så vidare.

Dokumentstyring

Eit dokumentstyringssystem gjer det enkelt å produsere, halde ved like og distribuere alle typar dokument i verksemda. Det kan mellom anna behandle og handtere dokument som blir skanna eller kopierte digitalt. Føremålet er å kunne lagre alt i same system, slik at ein seinare kan søkje det opp ved behov.

Avvikshandtering

I alle verksemder kan det skje uønskte hendingar. Skadar, ulykker og slitasje kan føre til sjukefråvære og helseproblem. Verksemda må dokumentere kva dei gjer når uønskte hendingar skjer.

Føremålet med avvikshandtering er å forhindre at uønskte hendingar skjer igjen. HMS-reglane krev at alle verksemder har rutinar for å førebyggje, forhindre og registrere avvik for å hindre gjentakingar. Føremålet er at verksemda skal lære av feila sine og setje i verk tiltak for å hindre nye avvik.

For å sikre dokumentasjon kan ein registrere avvika i eit avvikshandteringssystem. Dersom Arbeidstilsynet kjem på tilsyn, kan dei krevje å få utlevert dokumentasjon på at reglane blir følgde.

Risikoanalysar

Risikoanalysar kan gjerast på mange ulike område, til dømes HMS, økonomi, teknologi og prosjektstyring. Ved slike analysar kan vi vurdere mange ulike konsekvensar, til dømes kostnader, miljøskadar, helseskadar, dødsfall og omdømetap.

Årshjul

Eit årshjul beskriv året for heile eller delar av verksemda. Årshjulet viser dei viktigaste aktivitetane i ein organisasjon og gir eit overblikk for alle i organisasjonen. Når alle i verksemda kjenner til kva dei andre gjer, kan dei lettare samarbeide og tilpasse planar og aktivitetar.









Skrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020