Oppgave
Kommunetesten
Kvart år gjennomfører Forbrukarrådet ein kommunetest der dei sjekkar kor gode kommunane er til å hjelpe folk med svar på spørsmål om kommunale tenester. Korleis gjorde kommunen din det i testen frå i fjor?
Gå inn på forbrukerradet.no og søk opp kommunetesten for i fjor.
- Kva testar Forbrukarrådet i denne testen?
- Korleis er dataa samla inn?
- Dei ulike tenestene er vekta ulikt. Korleis er dei vekta?
- Finn resultata for kommunen din. Kva er kommunen din best på, og kva er han dårlegast på?
- Kva betydning trur du resultata frå ein slik test har for administrasjonen i den enkelte kommunen og for innbyggjarane i kommunen?