Korleis skape gode kunderelasjonar? - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis skape gode kunderelasjonar?

Å forstå korleis du får ein god relasjon til kunden, er nyttig for å kunne møte behova deira. Du er sjølv det viktigaste verktøyet ditt i møte med kunden, og du kan gjere noko aktivt for å skape ein gode relasjon. Bli kjent med deg sjølv og kva du bør gjere når du møter ein kunde som stressar deg.
Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Før du les, tenk etter!

  • Kva er du best på når du møter ein ny kunde i den verksemda du høyrer til?
  • Kva synest du er vanskeleg i møte med kundar?
  • Kva kan du gjere for å bli enda flinkare i møte med kundar?

Kva er ein relasjon?

Teori om kva relasjonar er, og korleis dei er bygde opp, kan hjelpe deg med å bli god til å møte kundar best mogleg. For å forstå kva du skal gjere og seie når du møter kundar i jobben din, må du vite kvifor dette er viktig.

Relasjonskompetanse

Relasjonskompetanse er noko av det viktigaste du kan utvikle i livet ditt. Det er den evna du har til å vere saman med andre, skaffe deg vener, samarbeide og vere raus og tolerant i møte med dei du skal jobbe saman med, og alle kundane du møter gjennom jobben din.

Viss du er usikker på korleis du skal gjere dette, kan du be ein kollega om å observere deg og gi deg tilbakemelding på kva som fungerte bra, og kva du eventuelt kan justere. Kor mykje du til dømes skal fortelje kunden om produktet som han eller ho vurderer å kjøpe, kan du også snakke med ein erfaren kollega om. Når skal du fortelje alt du veit om produktet, og når skal du la kunden få gå rundt å undersøkje meir på eiga hand?

Korleis kan du forbetre relasjonsforståinga di?

For å auke relasjonsforståinga di må du kunne gjere aktive handlingar. Å kunne gjere noko som seljar kan handle om korleis du nyttar språket ditt for å skape tryggleik og tillit hos kunden. Det er til dømes stor skilnad for ein kunde som kjem inn i ein butikk, om du møter kunden med eit varmt smil, eller om du berre kikkar opp frå det du held på med, og ventar til kunden tek til å snakke. Det å forstå relasjonar kan handle om å vite kor tett på kunden du skal gå, og når du skal halde større avstand. Det å vite kva du skal seie når du møter ein kunde, er starten på å bli god på relasjonsbygging.

Kundar kan trigge ulike følelsar hos deg

Når du jobbar med sal og med menneske, vil dine eigne følelsar bli aktive. Kundar er ulike. Nokon er like deg, mens andre kan kjennest framande og meir krevjande. Då er det viktig at du øver deg opp til å forstå kvifor du føler som du gjer i møte med ein spesiell kunde som til dømes er sur, krevjande, spør om alle detaljar, er utolmodig, meiner at du kunne gjort ting meir effektivt og så vidare.

Det er viktigare at du forstår kva som skjer i deg sjølv i møte med ein kunde, enn at du tenkjer at du kan endre kunden. Viss du ikkje tenkjer gjennom kva for følelsar som kan bli lokka fram i deg sjølv, kan reaksjonen din kome til å øydeleggje for deg i jobben. Kunden vil alltid tolke kva dei ser, høyrer og opplever, og vil vurdere deg som seljar ut frå dette.

Døme: butikktilsett i julerushet

Eit døme på ein krevjande situasjon kan vere at du er tilsett i ein butikk og julehandelen er stressande og krevjande for deg. Du pakkar inn gåver etter beste evne og så ber kunden deg vere meir effektiv. Du kjenner at du blir lei deg og sur og har lyst til å forsvare deg. Fordi du er profesjonell, vel du heller å sjå på kunden med eit forsiktig smil og stadfeste at dette er ei slitsam tid for alle. Kunden nikkar tilbake og de er einige i at alle gjer så godt dei kan. For å bli ein god seljar er det viktig at ikkje eigne følelsar står i vegen for gode sal.

Fagkunnskap

Når du møter menneske innan sal og service, møter du menneske som treng at du kan faget ditt. Det vil seie at du dagleg må jobbe hardt for å lære deg teorien som dei ulike programfaga representerer. Ved å jobbe godt med teorien utviklar du eit høgare medvit knytt til deg sjølv som seljar. Den dagen du kjem ut i arbeid, er fagkunnskapen du har med deg, ein av berebjelkane i yrkesprofesjonaliteten din og evna di til relasjonsbygging.

Ordforklaringar

Relasjonsforståing – å forstå korleis du skal byggje opp kontakt med andre

Tolke
– å gjere seg opp ei oppfatning om noko

Trigge
– utfordre eller irritere

Yrkesprofesjonalitet
– å gjere og seie det som er riktig i yrket ditt

Å lokke fram følelsar – følelsar kjem utan at du er medviten om at dei kjem


Skrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020