Oppgave
God kundekommunikasjon
Kva kjenneteiknar den gode kundebehandlaren? Korleis oppfører ho seg overfor kunden? Kva kan du gjere for å bli ein betre kundebehandlar?
- Korleis kan du skape tillit hos ein kunde?
- Må du ha gjennomført eit sal der og då for å vere ein god seljar?
- Kva trur du er viktige eigenskapar hos deg for at kunden skal ønskje å kome tilbake gong etter gong?
- Korleis kan kunden trigge deg slik at du blir freista til å bli sint og tverr? Kva kan du heller gjere enn å bli sint og tverr i møte med denne kunden?
- Kva er relasjonskompetanse?
- Kva vil det seie å ha relasjonsferdigheiter?
- Kva betyr det å ha relasjonsferdigheiter i møte med kundar? Gi døme.
- Om du er god på relasjonsferdigheiter, kva kjensler vil kunden få etter å ha møtt deg i jobben?
- Kva er du god på i dag, og kva må du jobbe med hos deg sjølv for å bli betre?
- Korleis kan erfarne kollegaer hjelpe deg til å bli god på relasjonskompetanse?
- Kva er kroppsspråk?
- Kvifor er det viktig å vere bevisst på sitt eige kroppsspråk i eit salsyrke?
- Om du skulle velje éin ting du vil jobbe for å forbetre hos deg sjølv, kva skulle det vere? Grunngi kvifor du opplever dette som spesielt viktig for å lykkast som seljar.