Favorittbutikken din - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Favorittbutikken din

I denne oppgåva skal du analysere favorittbutikken din, beskrive situasjonsanalysen deira og sjå nærare på konkurransemidla i praksis.

Viktig informasjon

Hugs å presenter dykk høfleg i butikken og fortel at de jobbar med eit skuleprosjekt. Spør òg om det er greitt at de kanskje stiller nokre spørsmål til dei tilsette eller leiaren, at de noterer og eventuelt tek bilete i butikken.

De kan jobbe sjølvstendig eller i par. Fyll gjerne ut dei vedlagde skjemaa.

Oppgåve 1

  • Ta med dykk penn og papir og gå på besøk til favorittbutikken dykkar. Beskriv dei interne arbeidsvilkåra og deretter dei eksterne arbeidsvilkåra. Dersom du synest det er vanskeleg å finne all informasjonen du treng, kan du kanskje spørje beteninga eller ta kontakt med leiaren?
  • Lag ein SOFT-analyse der du tek med minst tre punkt på kvar bokstav i prioritert rekkefølge.
  • Lag til slutt ein konklusjon om ståstaden til bedrifta i dag, og kva du meiner bedrifta bør gjere for at ho skal hevde seg endå betre i konkurransen i marknaden sin.
  • Skjema til uttfyling, Oppgåve 1 (102 kb)

  • Oppgåve 2

    • Gå til minst to butikkar i nærområdet og undersøk korleis dei bruker konkurransemidla (dei fem p-ane). Pass på at de fordeler butikkane slik at ikkje alle går til den same butikken. Presenter resultata i klassen etterpå, og samanlikn så butikkane.
  • Skjema til utfylling, Oppgåve 2 (139 kb)

  • Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
    Sist fagleg oppdatert 31.08.2023